Metusjalah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metusjalah

FøddAncient Near East
Opptrer iEnoks bok, Second Book of Enoch, Book of Moses, 1 Krn, Evangeliet etter Lukas, 1. Mosebok 5
FarEnok
EktefelleEdna
BarnLamek

Metusjalah eller Metusalem (hebraisk מְתוּשֶׁלַח, Mĕṯûšǽlaḥ, gresk Μαθουσαλά – Mathousalá; i bibelomsetjinga frå 1930 Metusalah) var ifølgje Fyrste mosebok i Det gamle testamentet ein av stamfedrane i urtida. Han var den personen i Bibelen med den eldste skildra levealderen, heile 969 år (1 Mos 5,27), noko som har gjeve uttrykket «gammal som Metusalem». Metusalem verker vera ei populær forvansking av det hebraiske namnet.

Metusjalah var son av Henok og soneson av Jared, som blei 962 år gammal og var tipptippoldebarn av Adam (1 Mos 5,3–21). Berre Metusjalah blir nemnd som eldre enn Jared.

Metusjalah var farfar til Noah[1] og døydde same året som syndfloda ramma jorda. Dette kan utleiast slik: Han var 187 år gammal då han fekk sonen Lamek (1 Mos 5,25) og 369 år då sonesonen Noah blei fødd (1 Mos 5,28–29), og Noah var 600 år gammal då syndfloda fann stad (1 Mos 7,6), altså 969 år etter at Metusjalah blei fødd. Metusjalah er omtalt i Enoks bok. Der står det at medan han talte til folket, blei ånda hans uroleg, og han bøygde knea, strekte hendene sine mot himmelen og bad til Herren. Medan han bad, forlét ånda hans han. Lekamen blei gravlagd av folket. Sonen til Metusjalah, Lamek (Noahs far), døydde fem år før flaumen.

I Septuaginta heiter både Metusjalah og Metusjael Μαθουσαλα (Mathousala). Begge har ein son som heiter Lamek, og begge er etterkommarar etter ein Henok.

Frå gammalt av blir Metusjalah feira i kyrkja den 4. januar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettbibelen: Første Mosebok 5:21