Mezenelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mezen
elv
Leshukonskoye, Arkhangelsk Oblast, Russia, 164670 - panoramio - Andris Malygin (1).jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 78 000 km²
Lengd 966 km
Middelvassføring 866 /s
Kjelde Timinskij Ural
Munning Mezenbukta
Wikimedia Commons: Mezen River

Mezen (russisk Мезень) er ei elv i Republikken Komi og Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er 966 km lang og har eit nedslagsfelt på 78 000 km².

Elva spring ut frå myrområda på vestsida av Timanhøgdene i Komi og renn først vestover før ho svingar nordover og inn Arkhangelsk oblast. I nærleiken av byen Mezen munnar elva ut i Mezenbukta i Kvitsjøen. Den øvre delen av elva er bratt med steinete breidder. Middelvassføringa til elva er 886 m³/s, men under vårflaumen i mai-juni og når haustregnet er på det verste, kan ho få ei vassføring heilt opp mot 9530 m³/s. Elva frys til i slutten av oktober til midten av november og vert isfri att i slutten av april eller tidleg i mai.

Dei viktigaste sideelvane hennar er Mezenskaja Pizjma, Suda, og Peza frå høgre, og Irva, Pyssa, Vasjka og Bolsjaja Loptjuga frå venstre.

201 km oppover elva frå munningen, til der ho møter Vasjka, er det mogeleg med skipsfart, og med høg vassføring omm våren opp til Makar Ib, 681 km opp i elva. Det er mykje fiske ved munningen av elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]