Mhardeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°15′N 36°35′E
Mhardeh
محردة
by
Ancient Roman bridge in Maharda.jpg
Romersk bru i Mhardeh
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Mhardeh
Nahiyah Mhardeh
Høgd 280 moh.
Koordinatar 35°15′N 36°35′E
Folketal 22 442 (2010)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.mhardeh.com

Mhardeh (arabisk محردة, Maḥarda), òg skrive Muhradah, er ein by nord i Syria i Hama guvernement, kring 23 kilometer nordvest for Hama. Han ligg langs Orontes, nær Ghabsletta. Av stader i nærleiken finn ein Halfaya og Taybat al-Imam i aust, Khitab i søraust, Maarzaf i sør, Asilah og Jubb Ramlah i sørvest, Shaizar, Safsafiyah, Tremseh og Kafr Hud i vest og Kafr Zita og al-Lataminah i nord.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Mhardeh eit folketal på 17 578 i 2004. Han er senteret i Mantiqat Mħardeh, eit av dei fem distrikta i Hama guvernemen, og nahiyah («underdistrikt») Mhardeh, som består av 21 stader med eit samla folketal på 80 165 i 2004.[1] Innbyggjartalet i Mhardeh vart i 2010 estimert til 22 442.[2] Innbyggjarar er hovudsakleg kristne.[3]

Innbyggjarane i Mharda driv hovudsakleg med jordbruk, industri og handel. Utdanningsnivået skal vere høgt. Klimaet i byen er mildt om somaren og stundom fell det snø om vinteren.[4]

Orontes vart nyleg demd opp 3 kilometer nord for byen, og Mhardehdammen på Ghabsletta vert nytta til å produsere vassenergi. Mhardeh har ei historie attende til hellenstisk tid og tida kring Apamea. Det mest kjende arkeologiske funnet frå denne perioden i området er eit gammalt tempel med steindører og søyler med korintisk bokstavar, som seinare vart omgjort til ei kyrkje.

Ghada Shouaa, den første syriske idrettsutøvaren som vann ein olympisk gullmedalje, vart fødd i Mhardeh, og det same vart patriarken Ignatius IV av Antiokia.

Mhardeh er den næraste større byen til Tremseh der drapa fann stad 12. juli 2012.[5] Additionally, a suicide bomber killed three civilians and one security officier in Mhardeh on 14. juli 2012.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  2. H̨amāh: Les villes les plus grandes avec des statistiques de la folketal
  3. Syria acting to safeguard chemical weapons, says Russland. BBC News. 2012-12-22.
  4. «Mhardeh». Mhardeh.com. Henta 22. mai 2014. 
  5. 5,0 5,1 Hubbert, Ben (14. juli 2012). «Suicide Bomber Kills 4 in Syrian Town». ABC. AP. Henta 14. juli 2012.