Mia Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mia Gundersen i Skien, 2011.

Mariann Gundersen Leliënhof (fødd Mariann Gundersen27. oktober 1961), kjend som Mia Gundersen, er ein norsk songar og skodespelar. Ho debuterte som åtteåring ved borneteateret til Rogaland Teater som ekornguten Per og var der til ho starta i ei musikkgruppe 15 år gamal. I 1983 tok ho over som vokalist i musikkgruppa Asfalt som året etter gav ut albumet Få det ud før gruppa vart oppløyst. I 1985 deltok ho i prosjektet All Of Us, Rogaland sitt bidrag til Live Aid, og året etter gav ho ut si einaste soloplate Temptation. Ho deltok i Melodi Grand Prix 1985, 1986 og 1996.

Mia Gundersen er også kjend som skodespelar i Offshore og som domar i Norske Talenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]