Mia Hermansson Högdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mia Hermansson-Högdahl)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mia Hermansson Högdahl

Mia Hermansson-Hogdahl 20150319.JPG

Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. mai 1965 (57 år)
Göteborg
Idrett handball
Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Mia Hermansson Högdahl (fødd 6. mai 1965) er ein svensk tidlegare handballspelar og seinare -trenar frå Göteborg. Ho vann EHF-meisterligaen med Hypo Niederösterreich i 1994 og 1995. Rykkromspelaren/playmakeren vart svensk meister 1987 med Tyresö HF. Sidan vart ho trefaldig både serie- og cupmeister med Byåsen IL i tida 1991-98 og firfaldig både serie- og cupmeister med Hypo Niederösterreich i Austerrike perioden 1993-96. Med sine 1091 mål på 216 landskampar er Mia Hermansson-Högdahl mestskårande for Sverige på kvinnesida. Ho vart kåra til Årets handballspelar i verda 1994 av Det internasjonalke handballforbundet (IHF).

I 2009 vart Hermansson Högdahl assisterande landslagssjef i Noreg. Størstedelen av sitt vaksne liv har ho budd i Trondheim.

Ho er mor til handballspelaren Moa Högdahl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]