Mianyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
绵阳 (Miányáng)
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Sichuan
Geografi
Koordinatar 31°28′″N 104°45′″EKoordinatar: 31°28′″N 104°45′″E
Tidssone UTC (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 621000
Nettstad: www.mianyang.gov.cn
Plassering
Plassering av  Mianyang

Mianyang (forenkla kinesisk 绵阳; pinyin Miányáng) er eit byprefektur og ein stor by i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 20 281 km2, folketalet vart i 2004 berekna til 5,29 millionar. Mianyang er den nest største byen i Sichuan, etter hovudstaden Chengdu.

Byprefekturet Mianyang omfattar to distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì), fem fylke (县 xiàn), samt eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Mianyang er eit av Kinas største senter for elektroindustri. Mange store selskap har hovudsete i byen. Mianyang har seks universitet og høgskular, og fleire kjende forskingsinstitusjonar.