Michèle Jacot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michèle Jacot

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. januar 1952 (72 år)
Le Pont-de-Beauvoisin
Yrke alpinist
Språk fransk
Høgd 160 centimeter

Michèle Jacot (fødd 5. januar 1952) er ein tidlegare alpinist frå Le Pont-de-Beauvoisin i regionen Rhône-Alpes i Frankrike, som vann verdscupen i alpine greiner 1970 og tok VM-gull i kombinasjon same sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 9. februar 1969 til 20. februar 1971 sigra Jacot i ti verdscuprenn; seks i storslalåm, tre i slalåm og eitt i utfor. I 1970 vann ho den alpine verdscupen for kvinner, og gjekk også til topps i slalåmcupen.

Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina tok Jacot bronsemedaljen i slalåm. I storslalåm vart ho nummer fire, trass i at ho var berre 16 hundredels sekund bakom vinnaren, Betsy Clifford frå Canada. Saman med ein åttandeplass i utfor gav desse renna Jacot gullmedaljen i kombinasjonen.

Grunna skadar mista Jacot heile 1973-sesongen. Sesongen etter sikra ho seg sølvmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, overgått einast av Hanni Wenzel frå Liechtenstein.

23 år gammal deltok Jacot i Gherdëina i 1975 i sitt siste verdscuprenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]