Michèle Pierre-Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michèle Pierre-Louis
Michèle Pierre-Louis-2009 (2).jpg
Fødd 5. oktober 1947

Jérémie

Parti
Verv Statsminister i Haiti
 - periode 2008-2009
 - føregangar Jacques-Édouard Alexis
 - etterfylgjar Jean-Max Bellerive

Michèle Duvivier Pierre-Louis (fødd 5. oktober 1947)[1][2] er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå september 2008 til november 2009. Ho var den andre kvinnelege statsministeren i Haiti,[3] etter Claudette Werleigh, som sat frå 1995 til 1996.

Pierre-Louis har vore dagleg leiar for Knowledge and Freedom Foundation (FOKAL),[4] ein ideell organisasjon som er finansiert av George Soros, sidan 1995. I juni 2008 vart jo utnemnd til statsminister av president René Préval,[2] etter at to andre framlegg frå Préval hadde vorte avslegne av deputertkammeret i nasjonalforsamlinga. Deputertkammeret godkjende henne 17. juli 2008, med 61 stemmer for, éi mot og 20 blanke.[4][5] Vedtaket vart godkjent i senatet 31. juli, med 12 stemmer for, 5 blanke og ingen imot. I tillegg måtte det politiske programmet og regjeringa hennar godkjennast i deputertkammeret og senatet.[3][6]

Préval kunngjorde samansetnaden av den nye regjeringa 25. august 2008, og ved sidan av Pierre-Louis sjølv, var det 17 ministrar, der sju av dei vart med vidare frå den tidlegare regjeringa til Jacques-Édouard Alexis. Pierre-Louis vart utpeikt til minister for rettferd og offentleg tryggleik, i tillegg til statsministerposten. Regjeringa skulle ha vorte innsett 26. august, men dette vart forseinka grunna den tropiske syklonen «Gustav».[7]

Ho vart etterfølgd som statsminister av Jean-Max Bellerive i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Préval Nominates Michèle Pierre-Louis for Prime Minister» hjå Haiti Analysis (02.07.2008).
  2. 2,0 2,1 «Haitian president Preval names a new prime minister» hjå AFP (23.07.2008).
  3. 3,0 3,1 «Haiti lawmakers ratify 2nd female prime minister» hjå Associated Press (31.07.2008).
  4. 4,0 4,1 «Haitian deputies approve Pierre-Louis for prime minister» hjå AFP (17.07.2008).
  5. «Haitian lower house approves PM nominee» i Xinhua (People's Daily Online; 18.07.2008).
  6. «Pierre-Louis in Haiti als Ministerpräsidentin bestätigt» på NZZ Online (01.08.2008).
  7. «Hurricane Gustav postpones installation of Haiti government» av Jacqueline Charles i Miami Herald (26.08.2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]