Michael Ancher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Ancher
Selvportræt, 1902 - Michael Ancher.jpg
Selvportræt, 1902
Fødd 9. juni 1849
Bornholm
Død

19. september 1927
Skagen

Michael Ancher på Commons

Michael Peter Ancher (9. juni 184919. september 1927) var ein dansk målar. Han er særleg kjend for sine måleri av fiskarar og andre scener frå hamnebyen Skagen og vert rekna som ein av dei sentrale Skagensmålarane. Ancher er truleg ein av dei mest folkekjære målarane i Danmark, der fleire av bileta hans er klassikarar. Han var gift med kollegaen Anna Ancher.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Redningsbåden køres gennem klitterne, 1883
Vandring på stranda, ca 1900

Ancher var fødd i Rutsker på Bornholm. Han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København i perioden 1871-75. Lærarane hans, Wilhelm Marstrand og Frederik Vermehren, oppmuntra han i hans interesse for sjangermåleri. På kunstakademiet møtte han Karl Madsen, som seinare vart den fyrste leiaren av Skagen Museum. Madsen inviterte Ancher til Skagen, og sommaren 1874 besøkte Ancher Skagen for fyrste gong. Frå 1875 oppheldt han seg i lengre og lengre periodar i Skagen, der han var fascinert over fiskarane og levekåra deira. Han vart i 1877 tildelt ein pris, den Neuhausenske Præmie, for En Lægprædikant, der holder Gudstjeneste på Skagens Strand. Hans verkelege gjennombrot som målar kom i 1879 med måleriet Vil han klare pynten.

Michael Ancher gifta seg i 1880 med kjøpmannsdottera Anna Brøndum i Skagen, far hennar eigde og dreiv Brøndums Hotel. I 1880-åra var Skagen samlingspunkt for mange danske og skandinaviske kunstnarar som var inspirert av samtidig, fransk målarkunst. Målarane møttest jamnt på Brøndums Hotel, for å utveksle synspunkt. Ancher var opphavleg imot at Skagen-målarane gjorde Skagen til ein moderne, nordisk friluftsstad, trass i at det var han sjølv som hadde gjort Skagen kjent.

Dei beste av Ancher sine verk er truverdige skildringar av folkelivet i kvardag og helg. På same tid er dei monumentalt komponerte, noko han tok med seg frå den tidlege utdanninga. Ein serie bilete med tema frå sjølivet, som til dømes Redningsbåden køres gennem klitterne (1883), Mannskabet reddet (1894) og Den druknede (1896) er mellom måleria som har gjort Ancher til ein mykje omtykt målar i Danmark.

Ancher vart tildelt Eckersberg-medaljen i 1889 og i 1894 Dannebrogordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]