Michael Doucet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Doucet
Michaeldoucet.jpg
Michael Doucet speler fele ved The Dewey Balfa Cajun and Creole Heritage Week i Chicot State Park.
Fødd14. februar 1951 (68 år)
FødestadScott
Aktiv1975–
SjangerCajun
InstrumentCajun-fele, cajun-trekkspel, oktavfele, mandolin
Tilknytte artistarBeauSoleil, Savoy Doucet Cajun Band
PlateselskapArhoolie Records, Rounder Records, Swallow Records, Smithsonian Folkways
Verka somMusikar, feler, songar, trekkspelar
Gift medSharon Arms Doucet

Michael Doucet (fødd 14. februar 1951) er ein USA-amerikansk cajun-felespelar, songar og låtskrivar, som starta Cajun-bandet BeauSoleil frå Lafayette i Louisiana. Han har vunne Grammy-prisar med dette bandet i 1998 og 2009.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sidan midten av 1970-åra har Doucet vore ein av dominerande personane innan cajun-musikk. Utanom Beausoleil har Doucet spelt med dei meir reint tradisjonelle Savoy-Doucet Cajun Band.

Doucet følgde ein familietradisjon og spelte musikk frå tidleg alder. Han spelte banjo då han var fem og gitar frå han var åtte. Som andre som voks opp på same tid, var han inspirert av rocken, men cajun-musikken var alltid til stades.[1] Doucet spelte i folkrockband med syskenbarnet Zachary Richard då han var 12 år gammal, og vart så med i ei cajun-rockgruppe. I 1974 vitja han og Richard Frankrike og då dei kom attende til USA, lærte han seg å spele fiolin, som raskt vart hovudinstrumentet hans. I tillegg til gitar, spelar han òg mandolin, trekkspel og syng.

Sterkt påverka av eldre musikarar som Amédé Ardoin og særleg Dennis McGee (som vart ein ven), danna Doucet og nokre vener eit band i 1975, som fekk namnet Coteau. Han danna òg Beausoleil med Kenneth og Sterling Richard i 1977. Med Beausoleil blanda Doucet element av tradisjonell cajun-musikk med zydeco, og la til element av jazz, blues og country. I 2005 fekk Doucet og Beausoleil National Heritage Fellowship frå National Endowment of the Arts, og i 2007 fekk dei United States Artists Grant. Bandet har vore nominert mange gonger til Grammy-prisen, og vann prisen for beste tradisjonelle folkealbum i 1997 med L'Amour Ou La Folie. Av dei mange songane Doucet har skrive for bandet finn ein «Chanson D’Acadie», «Bunk's Blues», «Conja», «Newz Reel», «Quelle Belle Vie», «L'Ouragon» og «Freeman’s Zydeco», sistnemnde i lag med Fremont Fontenot.

Diskografi (delvis)[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 J'ai Ete au Bal: I Went to the Dance forskjellige artistar, Arhoolie Records
  • 1989 J'ai Ete au Bal: I Went to the Dance video (DVD); forskjellige artistar, Arhoolie Records
  • 1990? Michael Doucet & Cajun Brew
  • 1992 Le Hoogie Boogie: Louisiana French Music For Children Rounder Records
  • 1993 Beau Solo Arhoolie Records
  • 1994 Christmas Bayou Swallow Records
  • 1994 The Mad Reel Arhoolie Records
  • 1997 Highly Seasoned Cajun Music Coteau, Rounder Records
  • 2004 Fiddlers 4 Fiddlers 4, Compass Records
  • 2008 From Now On Smithsonian Folkways

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael Doucet på Allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]