Michael Everson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Everson

Fødd9. januar 1963
Norristown
NasjonalitetUSA, Irland
Yrkelingvist, typograf, forleggjar
Alma materUniversitetet i Arizona
University of California, Los Angeles
MedlemLanguage committee

Michael Everson (fødd 9. januar 1963) er ein av medforfattarane til Unicode-standarden. Han er utdanna lingvist, og arbeider som typograf og lager også teiknsett. Everson er framfor alt kjend for å systematisere og inkludere nye skriftsystem i Unicode, og for arbeidet med å utforme eit vegkart for Unicode.

Av dei skriftsystem han har vore aktivt med å få inn i Unicode er balinesisk, braille, buginesisk, buhid, cherokee-stavingsalfabetet, koptisk, kuneiform, kypriotisk, deseret, etiopisk, gammalitalsik, gammalpersisk, georgisk, glagolitisk, gotisk, hanunóo, kanadisk stavingsalfabet, khmer, lepcha, limbu, lineær B, mongolsk, burmesisk, new tai lue, n'ko, ogham, Ol Chiki, osmanyaalfabetet, fønikisk, runealfabetet, saurashtra, shavisk, sinhala, tagalog, tagbanwa, tai le, thaana, tibetansk, ugaritisk, vai, og yi, i tillegg til mange teikn som høyrer til dei latinske, greske, kyrilliske og arabiske skriftsystema.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]