Michael Hadschieff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Hadschieff
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 5. oktober 1963 (60 år)
Innsbruck
Yrke skøyteløpar
Høgd 185 centimeter

Michael Florian Hadschieff (fødd 5. oktober 1963) er ein tidlegare skeiseløpar frå Innsbruck i Austerrike. Han vann sølv i skeise-EM 1987 og på 10000 m under Vinter-OL 1988, og bronsemedaljar i firkamp-VM 1987 og på 1500 m i nemnde Vinter-OL.

Hadschieff markerte seg med å verte nummer fem både på 10 000 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo og i firkamp-VM i Göteborg same sesongen. Også ved firkamp-VM 1985 på Hamar enda han på femteplassen. I 1987-sesongen kneip han andreplassen i skeise-EM, bak suverene Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen, medan han i firkamp-VM måtte ta til takke med tredjeplassen då Oleg Bozjev sneik seg forbi i samandraget på sisterunda på milløpet.

Under dei olympiske vinterleikane 1988 i Calgary vann Hadschieff sølvmedaljen på 10000 m og bronsen på 1500 m, og kom på femteplass på 5000 m og sjetteplass på 1000 m. Både under EM 1988 i Haag og firkamp-VM i Alma Ata vart han nummer fire. Etter 1988-sesongen hamna Hadschieff lengre ned resultatlistene i dei store tevlingane. Sjetteplassar i EM 1990 i Heerenveen og på 10000 m under Vinter-OL 1992 i Albertville var hans beste plasseringar i åra fram til han la opp i 1994.

KJelder[endre | endre wikiteksten]