Michael Hossack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Hossack

Fødd17. oktober 1946(1946-10-17)
FødestadPaterson i New Jersey i USA
Død12. mars 2012 (65 år)
DødsstadDubois i Wyoming i USA
AliasBig Mike
OpphavUSA
SjangerRock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Doobie Brothers
Verka somMusikar

Michael Joseph Hossack (17. oktober 194612. mars 2012) var ein USA-amerikansk trommeslagar, mest kjend for perioden han spelte i The Doobie Brothers.[1]

Hossack tente fire år i den amerikanske marinen under Vietnamkrigen. Då han kom heim att i 1969 til New Jersey hadde han planar om å arbeide i politiet, men vart overtydd til å prøvespele for det California-baserte bandet Mourning Reign. Han flytta så til San Francisco med bandet, som signerte for eit produksjonsselskap som nyleg òg hadde signert kontrakt med det nye rockebandet The Doobie Brothers.

Mourning Reign vart kortvarig og Hossack vart invitert med på ein jam med The Doobies i 1971. Etter å ha høyrt trommeslagaren John Hartman og Hossack spele i lag, valde The Doobies å gå for to trommeslagarar i bandet. Hossack spelte ved sidan av Hartman på gjennombrotet deira, Toulouse Street i 1972, The Captain and Me i 1973 og What Were Once Vices are Now Habits i 1974. Etter ein slitsam, ti månadar lang turné i 1973, slutta Hossack i bandet. Han vart så med i bandet til Bobby Winkelman, Bonaroo, som gav ut eitt album før dei vart oppløyst. I 1976 spelte han ei kort stund i bandet DFK (eller Dudek Finnigan Krueger Band), med Les Dudek, Mike Finnigan og Jim Krueger. I 1977 vart Hossack partner i Chateau Recorders studio i Nord-Hollywood.

I 1987 ringde det tidlegare bandmedlemmet Keith Knudsen til Hossack og spurte om han ønskte å bli med på ei rekkje veldedige konertar for veteranar etter Vietnamkrigen. Som veteran sjølv, gjekk Hossack med på det og The Doobie Brothers var saman attende att etter ein periode på fem år. Konsertane vart så populære at The Doobie Brothers valde å starte opp att bandet med Pat Simmons, Tom Johnston, John Hartman, Tiran Porter, Bobby LaKind og Michael Hossack. Hossack spelte på Cycles, Brotherhood, Rockin' down the Highway: The Wildlife Concert, Sibling Rivalry, Live at Wolf Trap og World Gone Crazy.

22. juni 2001, medan han var på veg til ein konsert i Caesars Tahoe i Lake Tahoe, fekk Hossack fleire beingbrot i ei motorsykkelulukke på Highway 88 og måtte flygast med helikopter til Sacramento for operasjon. Hossack kom attende til bandet etter fleire månader. I 2010 fekk han så påvist kreft og gav seg i bandet for å passe på helsa. Han døydde av sjukdommen i 2012, i heimen sin i Dubois i Wyoming, 65 år gammal.[2]

Hossack vart posthumt innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 2020 i lag med resten av The Doobie Brothers.

Utvald diskografi med Doobie Brothers[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]