Michael Luytkis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Luytkis
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1766
Trondheim
Død

21. januar 1827 (60 år)
Skogn

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Michael Nissen Luytkis (176621. januar 1827) var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondheim.

Luytkis var son til ein skipper. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1786 og cand. theol. fem år seinare. I 1793 vart han residerande kapellan i Nærøy, deretter sokneprest i Kolvereid 1797-1824. Frå 1824 var han sokneprest i Skogn, der han døydde etter berre tre år.

Luytkis var 3. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget 1818. Han var medlem av 14 komitear. Fleire av komiteane gjaldt tilhøve kring skule og kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]