Michael Marsh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Marsh
Fødd 4. august 1967
Los Angeles
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Michael Lawrence Marsh (fødd 4. august 1967) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles som vart olympisk meister på 200 meter i 1992 og samstundes vann OL-gull i 4 x 100 m stafett.

Marsh fekk sin internasjonale meisterskapsdebut då han sprang ein etappe på USA sitt stafettlag i forsøket på 4 x 100 m under friidretts-VM i Tokyo. I OL-sesongen 1992 sette han personleg rekord på 100 meter med 9,93 sekundar i Walnut, men enda på fjerdeplassen på distansen i det nasjonale OL-uttaket. På 200 m vart han andremann etter Michael Johnson. På plass i Barcelona imponerte Marsh kolossalt i sitt semifinaleheat og vann suverent på tida 19,73 sekundar, eitt hundredels sekund bakom verdsrekorden til Pietro Mennea. Og då Michael Johnson overraskande rauk ut i det andre semifinaleheatet, låg vegen open for Marsh. I OL-finalen var Marsh atter best, med tida tida 20,01 slo han sølvmedaljøren Frankie Fredericks med 0,12 sekund, dei andre finalistane kom langt bak. Tre dagar etter triumfen på 200 m sprang Marsh den fyrste etappen då han saman med Leroy Burrell, Dennis Mitchell og Carl Lewis vann gull og sette verdsrekord i 4 x 100 meter stafett med 37,40 sekund.

Så vel som i 1993, 1995 og 1997 tok Marsh seg til ein VM-finale på ein av sprintdistansane, det vere seg 200 m i 1993 og 100 m i 1995 og 1997. Frå alle desse tre meisterskapane reiste han likevel medaljelaus. Under OL 1996 i Atlanta kvalifiserte han seg til finalen både på 100 m og 200 m, også etter begge desse øvingane stod han att utan medalje. Han fekk likevel ein medalje i Atlanta, ettersom han sprang den tredje etappen for USA sitt sølvmannskap i 4 x 100 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]