Michael Nesmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Nesmith
Michael Nesmith at the Chiller Theatre Expo 2017.jpg
Nesmith i Chiller Theatre Expo 2017
Fødd30. desember 1942 (78 år)
FødestadHouston i Texas i USA
FødenamnRobert Michael Nesmith
Alias
  • Michael Blessing
  • Nez
  • Wool Hat
  • Papa Nez
OpphavUSA
AktivSidan 1965
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Verka som
MorBette Nesmith Graham
PrisarGrammy Award

Robert Michael Nesmith (fødd 30. desember 1942) er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar, skodespelar, produsent, romanforfattar, forretningsmann og filantrop, mest kjend som medlem av poprockbandet The Monkees og stjerne i TV-serien The Monkees (1966–1968). Nesmith har skrive songar som «Different Drum» (sungen av Linda Ronstadt med Stone Poneys).

Etter at The Monkees vart oppløyst, fortsette Nesmith ein suksessrik karriere som låtskrivar og artist, først med countryrockgruppa First National Band, som han fekk ein topp 40-hit med, «Joanne», og sidan som soloartist. Han var kjend for å spele 12-strengsgitar, og spelte på ein spesialbygd 12-strengs elektrisk gitar med The Monkees (bygd av Gretsch) og forskjellige 12-strengs akustiske modellar etter Monkees-karrieren.

Han var leiande produsent for kultfilmen Repo Man (1984). I 1981 vann Nesmith den første Grammyprisen for årets video for det times lange fjernsynsshowet Elephant Parts.[1]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1966–1968 The Monkees Seg sjølv Oppført som Monkees-personen «Mike»
1985 Television Parts Programleiar Ein avleggjar av Elephant Parts
1997 Hey, Hey, It's the Monkees Seg sjølv Monkees-personen «Mike»
2014 Portlandia Far til borgarmeisteren Sesong 4, episode 9

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1968 Head Seg sjølv Monkees-personen «Mike»
1982 Timerider: The Adventure of Lyle Swann Løpsarrangør ikkje oppført
1984 Repo Man Rabbi
1987 Burglar Taxisjåfør ikkje oppført
1988 Tapeheads Vassmann ikkje oppført

Heimevideo[endre | endre wikiteksten]

År Title Rolle Merknad
1981 Rio and Cruisin' Artist/produsent Musikkvideoar
1981 Elephant Parts Forskjellige roller/produsent utgjeve på DVD 1998 og igjen i 2003
1985 The Television Parts Home Companion Forskjellige roller/produsent Samling frå fjernsynsseriar
1986 Dr. Duck's Super-Secret All-Purpose Sauce Forskjellige roller/produsent Musikk- og komedieklipp
1989 Nezmusic Artist/produsent Musikkvideoar
1991 Live at the Britt Festival Artist/produsent Konsert frå 1991
2008 Pacific Arts Artist/produsent Musikkvideoar på DVD

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Past Winners Search». The GRAMMYs. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Michael Nesmith
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Michael Nesmith