Michael Neumayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Neumayer


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 15. januar 1979 (45 år)
Bad Reichenhall
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2006, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Michael Neumayer (fødd 15. januar 1979) er ein tysk skihoppar frå Bad Reichenhall i Bayern. Mellom 2005 og 2011 vann han to sølvmedaljar og to bronsemedaljar i laghopping for Tyskland i fire ulike internasjonale meisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Neumayer deltok på det tyske laget som tok sølv i laghopping i normalbakken under VM 2005 i Oberstdorf. Han var også med på laget som året etter tok bronse i VM i skiflyging i Kulm. Også Georg Späth og Michael Uhrmann var med på begge dei tyske laga, medan Martin Schmitt fekk sølv i 2005 og Alexander Herr bronse i 2006.

I nyttårsrennet 2008 i den tysk-austerrikske hoppveka i Garmisch-Partenkirchen oppnådde Neumayer med ein tredjeplass si fyrste pallplassering i eit verdscuprenn. Samanlagt i hoppveka vart han også nummer tre, bakom vinnaren Janne Ahonen frå Finland og Thomas Morgenstern frå Austerrike. Neumayer vart også nummer tre i eit verdscuprenn i Willingen i byrjinga av februar 2010. To veker seinare var han på Tysklands lag som i Vancouver fekk OL-sølv i laghopping, få poeng føre Noreg på bronseplass. For Tyskland stilte Neumayer, Andreas Wank, Martin Schmitt og Michael Uhrmann.

Neumayer og Tyskland vart så nummer tre og bronsevinnarar i laghopping i normalbakken under ski-VM 2011 i Oslo. Som i olympiaden året i førevegen var Schmitt og Uhrmann med på medaljelaget, medan Severin Freund var ny. Neumayer fekk si aller beste plassering i eit verdscuprenn då han i januar 2013 i Vikersundbakken sette tysk rekord med 231 meter og vart nummer to. Verdsmeisteren i skiflyging, Robert Kranjec frå Slovenia, vann rennet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]