Michael Schulte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Schulte
Fødd17. juli 1963
Aachen
Yrkeakademikar
InstitusjonarUniversitetet i Agder
Alma materUniversitetet i Bonn
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Michael Schulte (fødd 17. juli 1963 i Aachen, Tyskland) er professor i nordisk språkvitskap og runolog ved Universitetet i Agder (UiA).

Germansk filologi, nordisk språkhistorie, runologi[endre | endre wikiteksten]

Michael Schulte sine forskingsinteresser omfattar nordisk språkhistorie, runologi, skriftsystem og ortografi, og dessutan kognitiv grammatikk. Doktoravhandlinga hans har tittelen "Grundfragen der Umlautphonemisierung" og er utgjeve som supplementsbind 17 i "Reallexikon der Germanischen Altertumskunde" (Berlin, New York: De Gruyter, 1998). Schulte har publisert meir enn 100 internasjonale bidrag i profilerte tidsskrift innanfor runologi, germansk språkhistorie, historisk sosiolingvistikk og skriftsystem (sjå databasen CRIStin). Han er visepresident av International Society for Dialectology and Geolinguistics (ISDG) og professor-II ved Islands Universitet.

Medlem av vitskapsakademi[endre | endre wikiteksten]

Schulte er medlem av fleire nordiske vitskapsakademi: Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim, Kungl. Gustav Adolfs Akademien för Svensk Folkkultur, og Agder Vitskapsakademi (AVEA). Han er ein internasjonal samarbeidspartnar av Akademi-prosjektet “Runische Schriftlichkeit in den germanischen Sprachen – Runic Writing in the Germanic Languages (RUNAST)” i Tyskland, som er eit 16-årig forskingsprosjekt leida av "Akademie der Wissenschaften zu Göttingen".

Michael Schulte er òg styremedlem i SEKEM Scandinavia sidan 2008.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Michael Schulte mottok i 2014 Fridtjof Nansens belønning for #framrakande forsking (Nansenfondet) som belønning for #framrakande forsking for sit arbeid innan germansk og eldre nordisk språkhistorie.[1]

Hevdar tvil om at Noreg tyder "Nordveien"[endre | endre wikiteksten]

Michael Schulte er ein av dei som meiner at nemninga på Noreg tyder «vegen langsmed dei trange sunda og dei smale, bratte fjordane»[2]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Runolog Michael Schulte får Nansen-pris». Universitetet i Agder. 
  2. Heide, Eldar, 2017: Noreg - ein festbrems. Klassekampen, 13.02.2017, s. 16-17.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Schulte, UiA
  • Internasjonale bidrag, CRIStin, Schulte, Michael