Michael Shrieve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Shrieve
OK Hotel Reunion - Michael Shrieve 01A (25425652352).jpg
Shrieve i 2016
Fødd6. juli 1949 (70 år)
FødestadSan Francisco i California
OpphavUSA
AktivSidan 1965
SjangerRock, elektronisk musikk
Instrument
  • Trommer
  • perkusjon
Tilknytte artistar
Verka somMusikar

Michael Shrieve (fødd 6. juli 1949) er ein USA-amerikansk trommeslagar, perkusjonist og komponist. Han er mest kjend som trommeslagar i rockegruppa Santana, som han spelte med frå 1969 til 1974.[1] Shrieve var ein av dei yngste musikarane som spelte på Woodstockfestivalen i 1969, 20 år gammal. Trommespelinga hans på «Soul Sacrifice» i filmen Woodstock er skildra som «elektrisk».[2]

Sidan spelte han i fusion-supergruppa Go med Stomu Yamashta, Steve Winwood, Al Di Meola og Klaus Schulze,[3] Hagar Schon Aaronson Shrieve (med Sammy Hagar, Neal Schon og Kenny Aaronson), [4] og Richard Wahnfried, eit sideprosjekt av Klaus Schulze.

I 1998 vart Shrieve innlemma i Rock & Roll Hall of Fame som medlem av Santana.[5]

I mars 2011 kåra lesarane av Rolling Stone Magazine Shrieve til den tiande beste trommeslagaren gjennom tidene.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagar[endre | endre wikiteksten]

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Produsent[endre | endre wikiteksten]

  • (1998) Douglas SeptemberTen Bulls (produsent)
  • (2007) AriSawkaDoria — Chapter One (medprodusent)
  • (2009) Sam Shrieve — «Bittersweet Lullabies» (produsent)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Michael Shrieve bio». Drummerworld.com. Henta 14. januar 2019. 
  2. Cianci, Bob (1. juli 2006). Great Rock Drummers of the Sixties. Hal Leonard. s. 215. ISBN 0-634-09925-6. 
  3. McCarthy, Jim; Sansoe, Ron (1. november 2004). Voices of Latin rock: people and events that created this sound. Hal Leonard. s. 184–187. ISBN 0-634-08061-X. 
  4. «Music review: Guitarist Neal Schon journeys to El Rey Theatre». The Chico Enterprise Record. Henta 14. januar 2019. 
  5. «Santana Biography». The Rock and Roll Hall of Fame. Henta 14. januar 2019. 
  6. «Rolling Stone Readers Pick Best Drummers of All Time». Rolling Stone. Henta 14. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Michael Shrieve

Mal:Santana