Hopp til innhald

Michael Tait

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Tait

Fødd18. mai 1966 (58 år)
FødestadWashington
OpphavUSA
Aktiv1988–
Sjangerkristen popmusikk
Verka somsongar

Michael DeWayne Tait (fødd 18. mai 1966) er ein amerikansk songar og musikar. Han vart fyrst kjend som eitt av medlemmene i trioen dc Talk, men har seinare vore frontfigur i musikkgruppa Tait. Sidan 2009 har han vore vokalist i den australske musikkgruppa Newsboys.

Då Michael Tait studerte ved Liberty University i Lynchburg, Virginia danna han det prisløna kristne bandet dc Talk saman med Toby McKeehan i 1987. Kort tid seinare fekk dei med seg klassekameraten Kevin Max Smith, og trioen var eit faktum. dc Talk heldt på som trio frå 1988 til 2001 og gav ut fem studioalbum i denne tida. I 2001 kunngjorde gruppa at dei ville ta ein pause for å starta tre individuelle soloprosjekt, men ettersom åra gjekk, vart det klart at gruppa ikkje ville koma saman att.

Allereie før dc Talk hadde teke pause, hadde Michael Tait danna bandet Tait saman med mellom anna Chad Chapin. Den fyrste plata deira kom ut i 2001 under tittelen Empty. Framsidebiletet på plata er av ansiktet til ei utstillingsdokke. Far til Michael Tait hadde nyleg gått bort, og fleire av tekstane på plata handlar om sorga og opplevinga av dødsfallet.

Neste plate, Lose This Life vart utgjeven i 2003. Denne plata vart vel motteken i USA og resulterte i ein Dove Award for gruppa. Tait hadde no skift ut gitaristen sin sidan Empty, og musikkstilen var også gått meir i retning hardrockLose This Life. Tait hadde også konkrete planar om ei tredje plate under tittelen Loveology. Plata skulle utgjevast i 2007, men det har aldri blitt alvor av planane. Tait har heller ikkje halde konsertar saman sidan 2007.

I 2009 overtok Michael Tait som vokalist i australske kristne musikkgruppa Newsboys etter Peter Furler. Med Michael Tait som vokalist har Newsboys gjeve ut to nye studioalbum: Born Again (2010) og God's Not Dead (2011).