Michael Uhrmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Uhrmann


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. september 1978 (45 år)
Wegscheid
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2006, presidentvalget i Tyskland 2004, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Laghopp, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Micahel Uhrmann i 2008

Michael Uhrmann (fødd 16. september 1978) er ein tysk tidlegare skihoppar og politimann frå Wegscheid. Han var med på Tysklands vinnarlag i laghopping både i storbakken under ski-VM 2001 og i laghopping under vinter-OL 2002. Mellom 2001 og 2006 fekk han tre andre VM-medaljar i laghopping, eitt sølv og to bronsar, under ulike ski- og skiflygingsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Uhrmann vart verdsmeister for juniorar i Gällivare i mars 1995, og forsvarte tittelen i Asiago året etter. Han fekk prøve seg i verdscupen i skihopping, men fram til og med 1999-sesongen hamna han med få unnatak langt nede på resultatlistene. Fyrst i 2000-sesongen byrja han markere seg, og vart som best nummer sju i eit verdscuprenn i Willingen januar 2000.

Uhrmann fekk sin fyrste pallplass i verdscupen 2. desember 2000 i Kuopio. Han vart tredjemann bak vinnaren Matti Hautamäki og Noriaki Kasai, i eit renn som vart avvikla over ein omgang. Seinare i sesongen vart Uhrmann nummer 13 i storbakken under ski-VM 2001 i Oberstdorf, og kom med Tysklands firemannslag som vann gullmedaljane i laghoppinga i storbakken og bronsemedaljane i normalbakken i same meisterskapen. Sven Hannawald, Alexander Herr og Martin Schmitt var dei andre medaljevinnarane.

Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City deltok Uhrmann i alle tre hopptevlingane. Han vart nummer åtte i normalbakken og var med på Tysklands sigerrike lag i laghoppinga. Saman med Hannawald, Schmitt og Stephan Hocke syrgde han for at Tyskland stod med 974,1 poeng då tevlinga var over, dermed vart Finlands fire hopparar slått med minst mogleg margin, 0,1 poeng.

Uhrmann opna 2002/03-sesongen godt, med ein andre- og ein tredjeplass i dei to verdscuprenna i Trondheim i desember; Sigurd Pettersen vann det siste av renna i Granåsen, der Uhrmann fekk si beste individuelle plassering til dess. Han deltok i alle tevlingane i ski-VM 2003 i Val di Fiemme og stod att med ein niandeplass i storbakken og ein fjerdeplass i lagtevlinga. I januar 2004 gjekk Uhrmann til topps i eit verdscuprenn for fyrste gong, då han i Zakopane viste den polske heimefavoritten Adam Malysz til andreplass. Det vart hans einaste pallplass i sesongen; i VM i skiflyging vart han nummer ti.

OL-sesongen 2005/06 opna Uhrmann med ei rad gode plasseringar i verdscupen. Han fekk ein tredjeplass i Kuopio, og andreplassar i både Harrachov og Engelberg, alle før jul 2005. Midt i januar 2006 vart han nummer fem i skiflygings-VM i Bad Mitterndorf, og fekk ein bronse i lagtevlinga i meisterskapen. Ein månad seinare kom han på fjerdeplassen i normalbakken under vinter-OL 2006, og fekk same plassering i laghopp for Tyskland. Samanlagt vart han nummer åtte i verdscupen 2006, hans beste nokon gong.

Uhrmann tok sin andre og siste siger i eit verdscuprenn i Oberstdorf i slutten av januar 2007, dagen etter han vart nummer tre i den same storbakken. To veker seinare kom han på andreplass i Willingen, berre overgått av norske Anders Jacobsen. Både i 2008- og 2009-sesongen måtte han nøye seg med sjetteplassar som beste plasseringane i verdscupen.

I OL-sesongen 2010 klarte Uhrmann ikkje å kome mellom dei tre beste i noko verdscuprenn, men vart nummer fem i normalbakken under vinter-OL 2010 i Vancouver. Han fekk plass mellom Tysklands fire hopparar som deltok i lagtevlinga, der dei fekk sølvmedaljar, fem poeng føre Noreg og langt bakom Austerrike. Uhrmann kom på tredjeplass i eit verdscuprenn i Zakopane i januar 2011, individuelt hans 14. og siste pallplass i verdscupen. Han avslutta si tid som aktiv skihoppar med ein bronsemedalje i lagtevlinga i storbakken under ski-VM 2011 i Oslo, samt ein fjerdeplass i normalbakken, også det ei lagtevling. Mellom dei to tevlingane vart han nummer seks i det individuelle rennet i storbakken, sjølvaste Holmenkollbakken.

Han la opp i 2011.

Medaljar i laghopping i internasjonael meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001: Gullmedalje i laghopp i storbakke, og bronse i laghopp i normalbakke
  • OL 2002: Gullmedalje i laghopp
  • VM 2005: Sølvmedalje i laghopp i normalbakke
  • VM i skiflyging 2006: Bronsemedalje i laghoppg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]