Michael Walchhofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Walchhofer


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 28. april 1975 (48 år)
Radstadt
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Utfor menn

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Michael Walchhofer (fødd 28. april 1975) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Radstadt i forbundslandet Salzburg. Han vann VM-gull i utfor i 2003 og tok tre VM-medaljar i 2005 og eitt OL-sølv i 2006. Walchhofer vann FIS-pokalen til beste utforrennar i 2005, 2006 og 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Walchhofer sikra seg sin fyrste siger i verdscupen i alpine greiner då han vann kombinasjonen i Kitzbühel i januar 2003. Få veker seinare overraska han med å verte verdsmeister i utfor under VM i alpine greiner i St. Moritz, eit halvt sekund føre sølvvinnaren, norske Kjetil Andre Aamodt. Fram til mars 2011, då han vann eit utforrenn i norske Kvitfjell, sikra Walchhofer seg 19 sigrar i enkeltrenn i verdscupen, 14 av topplasseringane kom i utforrenn. Alle desse ni sesongane, 2003-11, vann han minst eitt renn i verdscupen. Både i 2005, 2006 og 2009 sanka han flest verdscuppoeng av utforrennarane.

Walchhofer var ein av dei mest suksessrike utøvarane under VM i alpine greiner 2005 i Bormio. Rett nok vann han inga gullmedalje, men tok sølv i super-G bakom Bode Miller frå USA og bronsemedalje i utfor bakom USA-amerikanarane Miller og Daron Rahlves. I kombinasjonen vart han nummer fire, før han så deltok i super-G-delen for Austerrike sitt sølvmannskap i lagtevlinga.

I 2006 tok Walchhofer sølvmedaljen i det olympiske utforrennet i Torino, bakom den franske overraskingsmannen Antoine Deneriaz. I åra framover til og med 2011 representerte han Austerrike i alle dei store meisterskapane, VM og OL, utan å sette sitt preg på tevlingane. Sjuandeplassen i utfor under VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen var han beste plassering.

Han la bort konkurranseskia etter 2011-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar