Michel Bréal
| Michel Bréal | |
| Statsborgarskap | Frankrike |
| Fødd | 26. mars 1832 Landau in der Pfalz |
| Død |
25. november 1915 (83 år) |
| Yrke | lingvist, professor, filolog |
| Språk | fransk |
| Medlem av | Det greske filologiske selskap i Konstantinopel grunnlagt 1861[*], Académie des inscriptions et belles-lettres[*], Accademia delle Scienze di Torino[*], Accademia Nazionale dei Lincei[*], Accademia Nazionale dei Lincei[*] |
| Ektefelle | Henriette Bréal |
| Michel Bréal på Commons | |
Michel Jules Alfred Bréal (26. mars 1832–25. november 1915) var ein fransk filolog. Han er ofte identifisert som ein av grunnleggjarane av den moderne semantikken.
Liv og karriere
[endre | endre wikiteksten]Bréal var fødd i Landau.Etter å ha studert i Weissenburg, Metz og Paris, gjekk han inn i École Normale Supérieure i 1852. I 1857 reiste han til Berlin, der han studerte sanskrit under Franz Bopp og Weber. Då han returnerte til Frankrike fekk han ei avtale i avdelinga for orientalske manuskript på Bibliothèque Impériale. I 1864 vart han professor i samanliknande grammatikk ved Collège de France, i 1875 vart han medlem av Académie des Inscriptions et Belles-lettres og i 1879 vart han inspektørgeneral for høgare utdanning inntil avskaffinga av kontoret i 1888. I 1890 vart han kommandør av Æreslegionen. Han døydde i Paris.
Sommar-OL 1896
[endre | endre wikiteksten]Bréal fann opp maratonlaupet som vart arrangert for fyrste gong under Dei 1. olympiske sommarleikane i 1896. Han var inspirert av soga om sendebodet Fidippies, som hadde springe frå byen Marathónas til Aten for å fortelja om atenarane som hadde vunne i Slaget ved Marathónas.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Michel Bréal» frå Wikipedia på engelsk og «Spyrídon Loúis» den 23. august 2012.