Michel Jazy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michel Jazy


Statsborgarskap Frankrike, Polen
Fødd 13. juni 1936
Oignies
Død

1. februar 2024 (87 år)
Dax

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

storoffiser av Den nasjonale fortjenstorden, L'Équipe Champion of Champions

Michel Jazy (13. juni 19361. februar 2024) var ein fransk friidrettsutøvar frå Oignies i Pas-de-Calais. Han vart europameister på 1500 meter i 1962 og på 5 000 m i 1966, og vann OL-sølv på 1500 m i 1960 og EM-sølv på 1500 m i 1966. I åra frå 1956 til 1966 sette han ni verdsrekordar, 17 europarekordar og 51 franske rekordar på ulike mellom- og langdistansar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jazy, som ætta frå polskfødd gruvearbeidar, fekk sitt store internasjonale gjennombrot då han vann sølvmedaljen på 1500 meter under sommarleikane 1960 i Roma. I ei tevling der Australias Herb Elliott sette ein fabelaktig ny verdsrekord med 3.35,6, kom inn Jazy inn på tida 3.38,4, fransk rekord og nær europarekord. To år seinare vann han gullmedaljen på distansen då EM i friidrett 1962 fann stad i Beograd. I 1963 sette han europarekord med tida 3.37,8, årsbeste i verda og andreplass på verdsstatistikken. Ved Sommar-OL 1964 i Tokyo valde han å delta på 5 000 m, og vart fjerdemann på tida 13.49,8, nøyaktig lik tid med bronsevinnaren.

I 1965-sesongen forbetra Jazy europarekorden på 5 000 m til 13.27,6, meir enn sju sekund under den åtte år gamle rekorden til Vladimir Kuts. Året etter, i sin siste sesong flytta han sin eigen europarekord på 1500 m med halvtanna sekund til 3.36,3. Jazy deltok i september månad 1966 både på 1500 m og 5 000 m under friidretts-EM i Budapest. På 1500 m kom han i mål tre tidels sekund bakom vesttyske Bodo Tümmler, men tre dagar seinare tok gullet på 5 000 m etter å ha spurta frå Harald Norpoth, også han vesttyskar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa (3.50,0 = nr 18)
  • EM 1958 i Stockholm: Nr 10 på 1500 m – 3.45,4
  • OL 1960 i Roma: Sølvmedalje på 1500 m – 3.38,4, bakom Herb Elliott (3.35,6)
  • EM 1962 i Beograd: Gullmedalje på 1500 m – 3.40,9, framom Witold Baran (3.42,1)
  • OL 1964 i Tokyo: Nr 4 på 5000 m – 13.49,8
  • EM 1966 i Budapest: Gullmedalje på 5000 m – 13.42,8, framom Harald Norpoth (13.44,0). Sølvmedalje på 1500 m – 3.42,2, bakom Bodo Tümmler (3.41.9)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Michel Jazy