Michel Temer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michel Temer

Statsborgarskap Brasil
Fødd 23. september 1940 (83 år)
Tietê
Yrke politikar, advokat, lyrikar, deltakar i internasjonale forum
Språk portugisisk, brasiliansk portugisisk
Verv President i Brasil
Periode 2016-2019
Føregangar Dilma Rousseff
Etterfylgjar Jair Bolsonaro
Politisk parti Partido do Movimento Democrático Brasileiro
Medlem av frimureri
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Ektefelle Marcela Temer, Maria Célia de Toledo
Michel Temer på Commons

Michel Miguel Elias Temer Lulia (fødd 23. september 1940) er ein brasiliansk politikar og sakførar, som var president i Brasil frå 2016 til 2019. Han tok over som president etter at Dilma Rousseff vart avsett.[1] Temer representerer sentrum-høgre-partiet Movimento Democrático Brasileiro (MDB).

Foreldra til Temer innvandra til Brasil frå Libanon på 1920-talet. Etter å ha fullført jusstudiar ved universitetet i São Paulo (USP) i 1963, arbeidde Temer som sakførar. I 1974 tok han doktorgraden i offentleg rett ved eit katolsk universitetet i São Paulo. Gjennom 1960- og 70-åra var han også aktiv som førelesar i rettsvitskap, og forfatta fleire verk om rettsspørsmål.

Sidan 1981 har Temer vore aktiv i Partido do Movimento Democrático Brasileiro (PMDB), det største partiet i landet. I 1982 fekk han jobb som delstatsadvokat, og frå 1984 var han statssekretær for offentleg tryggleik. Som kongressmedlem deltok Temer i den nasjonale forsamlinga som kunngjorde Brasils nye grunnlov i 1988, etter ein lang periode med militærdiktatur. Han har vore medlem i det nasjonale underhuset seks gonger og president i nasjonalforsamlingan tre gongar: 1997–1998, 1999–2000 og 2009–2010. Han var formann i PMDB i tida 2001-16.

Frå 2011 til 2016 var Temer visepresident i Brasil. PMDB-partiet var då ein del av ein koalisjon med det regjerande arbeidarpartiet (PT). Både ved presidentvalet i 2010 og 2014 var Temer visepresidentkandidat under Dilma Rousseff. Etter president Rouseff vart suspendert 12. mai 2016, rykte Temer inn på presidentkontoret. Rivningane i regjeringskoalisjonen førte til at Rouseff vart frådømd embetet 31. august 2016, og Temer utnemnd til president ut året 2018. Heile prosessen har vorte karakterisert som eit regjeringskupp.

Temer utnemnde omgåande ei ny og meir høgreorientert regjering. Han varsla samstundes tiltak som skulle gje den brasilianske staten tillit hos finansaktørane. Eit middel i så måte var å reduserere løyvingane til helse og utdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Watts, Jonathan (12. mai 2016), «Dilma Rousseff suspended as senate votes to impeach Brazilian president», The Guardian (på engelsk), henta 22. mai 2018