Hopp til innhald

Michel de Montaigne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michel de Montaigne

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 28. februar 1533
Saint-Michel-de-Montaigne
Død

13. september 1592 (59 år)
Saint-Michel-de-Montaigne

Yrke filosof, omsetjar, jurist, essayist, sjølvbiograf, politikar, diktarjurist, dei franske moralistane, skribent
Språk latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Pierre Eyquem av Montaigne
Ektefelle François de La Chassaigne
Signatur
Michel de Montaigne på Commons

Michel Eyquem de Montaigne (28. februar 153312. september 1592) var ein fransk adelsmann, borgarmeister, dommar og forfattar som introduserte essayet som litterær sjanger under nemninga «essai» (gammalfransk un essai, ‘eit forsøk’) fordi han sjølv oppfatta artiklane sine som «forsøk», og ikkje gjorde krav på å presentera noka løysing på problema han skreiv om, eller noko filosofisk system; til gjengjeld gav skribentverksemda hans ordet «essay» ei ny tyding: «avhandling» eller «artikkel».[1][2]

Montaigne blanda uanstrengt intellektuelle øvingar med uformelle anekdotar[3] og sjølvbiografisk stoff. Storverket hans Essais rommar ein del av dei mest innverknadsrike essaya som er skrivne. Han er omsett til mange språk, fleire gonger til norsk.[4] Montaigne påverka skribentar over heile verda, som René Descartes, Blaise Pascal, Jean-Jacques Rousseau, Albert Hirschman, William Hazlitt, Ralph Waldo Emerson, Friedrich Nietzsche, Stefan Zweig, Eric Hoffer og Isaac Asimov.[5][6][7]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Château de Montaigne, eit slott nær Bordeaux som blei kjøpt av far til Montaigne. Det opphavlege familieslottet eksisterer ikkje lenger, men tårnet til Montaigne,der han heldt til i tårnrommet, står framleis.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Michel de Montaigne var fødd i Périgord nær Bordeaux der far hans, adelsmannen og kjøpmannen Pierre Eyquem, hadde kjøpt og pussa opp Montai-slottet, som han tok namn etter då han vart adla.[8] Mor til Montaigne, Antoinette de Louppes (eigentleg Lopez), kom frå ein rik spansk-jødisk familie som hadde flykta frå heimlandet for å sleppa unna inkvisisjonen. Som ungdom hadde far til Montaigne delteke i krigen i Italia, der han var blitt kjend med italiensk renessanse og humanisme. Sonen hans blei oppdrege inspirert av dette, ut frå prinsippet om å unngå tvang, lekser og pugging.[9]

Ettersom latin var rekna som nødvendig for å få tilgang til kunnskap, hyra far til Montaigne ein ung tysk latinlærar som ikkje kunne eitt ord fransk, slik at Montaigne lærte latin slik ein lærar seg morsmålet; av å snakka med omgivnadene. Til og med tenarskapet måtte læra seg latin til bruk når dei snakka med den unge Montaigne. Då han byrja på skulen som 7-åring, snakka han godt latin. Han fann seg likevel ikkje til rette med den tradisjonelle klasseromsundervisninga, sjølv omfleire av lærarane ved den nyoppretta skulen var internasjonalt kjende humanistar, særleg skotten George Buchanan som også blei lærer for kong Jakob I.[10] Etter skulen gav Montaigne seg i kast med studium i jus og filosofi, og som dommar i overretten i Bordeaux blei han kjend med juristen Etienne de La Boétie,[11] som med si interesse for filosofi blei avgjerande for Montaigne. Døden til vennen høyrest ut som eit mykje tyngre slag for han enn tapet av fem av dei seks døtrene han seinare blei far til.[12]

Montaigne arva dommarembetet til onkelen sin i 1555, og sat i stillinga i femten år. Den 28. februar 1571, på 38-årsdagen sin, sa han frå seg dei offentlege verva sine og trekte seg tilbake til slottet Montaigne for å studera klassikarane og seg sjølv.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Montaigne er rekna som ein av banebrytarane for moderne pedagogikk. Han understreka kor mykje viktigare det var å utvikla forstand og vurderingsevne enn å læra seg ytre ting som t.d. gangen til stjernene. Ein kan berre utvikla evner ved øving, ikkje ved pugging. Barn skulle oppdragast utan bruk av fysisk straff, og læring vera lystprega. Synet av tvang og ufridom pinte Montaigne. Som Pythagoras prøvde han å kjøpa dyr og fuglar som var blitt fanga, så han kunne setja dei fri att.[13]

Montaigne fann opp essayet, ei kort behandling av eit emne henta frå dagleglivet, blanda med filosofisk innsikt, anekdotar og sjølvbiografiske innslag, alt sett frå den personlege vinkelen til skribenten.[14] Han var blant dei fyrste i litteraturhistoria som skreiv i eg-form med eit språk som verkar overraskande moderne. Det har samanheng med at moderne fransk stabiliserte seg på Montaigne si tid, etter periodar med gammalfransk og mellomfransk. Stilen er prega av latinsk syntaks; lange periodar med laust samanknytte ledd. Montaigne skriv setningar som snor seg fram med ein konklusjon eller presisering på slutten. Han var ikkje oppteken av retorikk og logikk, men kort og konsis daglegtale.[15] Skepsisen hans var ein godsleg tvil, der han var på leit etter sanninga, men ikkje gjorde noko krav på å eiga eller forvalta ho.[16] Når nokon spør: «Kva har du gjort i dag?» foreslår Montaigne som svar at ein, i staden for å svara «Ingenting», svarer «Eg har levd.» I starten hadde han vore oppteken av kunsten å døy; gradvis blei han meir opptekne av kunsten å leva.[17]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Franske utgivingar
  • 1580 Les Essais I
  • 1580 Les Essais II
  • 1588 Les Essais III (og dessutan omfattande revisjonar av dei to fyrste bøkene)
  • 1588 Les Essais I (Omfattande revisjon av boka)
  • 1588 Les Essais II (Omfattande revisjon av boka)
Norske omsetjingar

I 2008 blei den norske omsetjinga av dei samla essaya til Montaigne, på 1 742 tekstsider, sluttført. Beate Vibe var ansvarleg for omsetjinga. Kirsti Sellevold var saman med Birger Huse fagkonsulent og språkvaskar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Gammelfransk: Essai
  2. «Montaigne. Mennesket som det er», Verdens litteraturhistorie bind 3 (s. 324), J.W. Cappelens forlag, ISBN 82-574-0072-6
  3. Hans anekdoter er «uformelle» berre av utseende. Montaigne skrev: «Verken mine anekdoter eller mine sitater er ment berre som eksempler for autoritet, eller som pynt...De fører ofte utenfor diskusjonens emne, som frø for en rikere og dristigere sak, og gir gjenklang til en mer fintfølende tone». Jf. Michel de Montaigne: Essais, Pléiade, Paris (red. A. Thibaudet) 1937, bind 1, kap. 40, s. 252. Oversatt til norsk av Wikipedia for anledningen.
  4. Montaigne, Michel de (1979): Essais, oversatt med etterord av Asbjørn Aarnes, Thorleifs Dahls kulturbibliotek Oslo: Aschehoug
  5. Buckley, Michael J. (1990): At the Origins of Modern Atheism, Yale UP, s. 69.
  6. Kinnaird, John, Hazlitt, William (1978): Critic of Power, Columbia University Press, s. 274.
  7. Hoffer, Eric (2005): Truth Imagined, memoer, Hopewell Publications
  8. Château de Montai
  9. «Montaigne. Mennesket som det er», Verdens litteraturhistorie bind 3 (s. 320)
  10. «George Buchanan», Oxford reference
  11. Daniel Lefèvre: «Montaigne og La Boétie»
  12. «Montaigne. Mennesket som det er», Verdens litteraturhistorie bind 3 (s. 321)
  13. Carl Grimberg: «Religionskrigene», Menneskenes liv og historie (s. 94-95)
  14. Montaignes oppfinnelse, essayet
  15. Dvergsdal, Arne (18. september 2008): «Montaigne – essayets bestefar», Dagbladet
  16. Carl Grimberg: «Religionskrigene», Menneskenes liv og historie (s. 99)
  17. Nicholas Lezard: «Shakespeare's Montaigne review», the Guardian 10. juni 2014