Michele Perniola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michele Perniola

Fødd6. september 1998 (25 år)
FødestadPalagiano
OpphavItalia
Aktiv2012–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, låtskrivar

Michele Perniola (fødd 1998 i Palagiano) er ein italiensk songar. Han er kjend for å ha vunne den sjette sesongen av Ti lascio una canzoneRai 1.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

San Marino debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina og Radiotelevisione della Repubblica di San Marino valde Perniola som sin representant med songen «O-o-O Sole intorno a me». Songen har han skrive saman med Antonio Carozza, Massimiliano Messieri og Piero Romitelli, og vart framført på italiensk. I fylgje reglane må kvart land velje ein deltakar med statsborgarskap i det landet ein skal representere eller ha budd der i meir enn to og eit halvt år. På grunn av lågt folketal har San Marino lov til å velje ein deltakar frå anten San Marino eller Italia.

Landet enda på tiandeplass med 42 poeng; fire frå Armenia og Russland, tre frå Kviterussland og Georgia, to frå Aserbajdsjan, Malta, Moldova, Sverige og Nederland og eitt frå Ukraina. San Marino fekk i tillegg fem poeng frå barnejuryen og kvart land fekk tolv bonuspoeng for å unngå at nokon ville ende opp utan poeng. Det var fyrste gongen San Marino deltok i ein Eurovision-finale. Landet har aldri delteke i finalen i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2008.

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

Perniola var talsperson for San Marino under Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark, og delte ut poenga frå San Marino i finalen.[1][2]

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Perniola og Anita Simoncini til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «SMRTV TO COVER ALL THREE SHOWS» (på engelsk). oikotimes.com. 19. april 2014. Henta 30. april 2014. 
  2. «San Marino: Michele Perniola To Announce The San Marinese Vote» (på engelsk). Henta 30. april 2014. 
  3. «Anita and Michele to represent San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. 24. november 2014. Henta 27. november 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]