Michelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michelin


Org.formKommandittaksjeselskap
BransjeBilindustri
Skipa1889
EigarCompagnie générale des établissements Michelin
HovudkontorClermont-Ferrand
LandFrankrike
ProduktKøyretøy-dekk
Grunnleggjar(ar)Édouard Michelin, André Michelin
Salsinntekter2 652 000 000 euro (2023)[1]
Omsetnad2 652 000 000 euro (2023)[1]
Resultat1 983 000 000 euro (2023)[1]
Nettstadhttps://www.michelin.com/
Michelin-maskoten, kalla Bibendum Michelin, eller Bonhomme Michelin.

Michelin er ei fransk internasjonal gruppe industriverksemder som produserer dekk til personbilar, lastebilar, bussar, fly, motorsyklar, syklar, traktorar og anna landbruksreiskap, anleggsmaskinar og transportkøyretøy, og er blant dei største i sitt slag i verda.

Selskapet vart skipa i 1889 av brørne André Jules Aristide Michelin (1853-1931) og Édouard Étienne Michelin (1859-1940), og har hovudkontor i Clermont-Ferrand i Puy-de-Dôme i Frankrike. Morselskapet i industriverksemda heiter Compagnie générale des établissements Michelin, og er eit kommanditt-aksjeselskap (société en commandite par actions (SCA)). Eit holdingselskap, «Sénard et Cie», finansierer dei industrielle aktivitetane i Michelin.

Michelin er kjend for å ha utvikla radialdekket, lansert i 1946 under nemninga X-dekket. Radialdekket, der dei forsterkande trådane i dekket er lagt radialt, er det vanlege dekket på dagens personbilar. Opphavleg var X-dekket meint for dei franske bilmodellane Citroën 2CV og Citroën Traction Avant, etter at Michelin hadde kjøpt opp den konkursråka bilfrabrikken Citroën i 1930-åra.

Michelin-guiden[endre | endre wikiteksten]

Selskapet står attom den årlege utgjevinga av bokverket Michelinguiden, Guide Michelin, som ofte vart kalla «Guide rouge», den raude turistføraren, etter fargen på bokomslaget. Dette er ein reiserettleiar for bilturistar om stader, hotell og restaurantar som det er verd å vitje på reisa, og vart publisert fyrste gongen i 1900 for Frankrike, seinare utvida til nye land og område. Restaurantar som ligg i det høgste sjiktet når det gjeld å tilby kulinariske opplevingar, vert klassifiserte med ei, to eller tre stjerner etter kor gode dei vert rekna for å vere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Michelin