Micheline Ostermeyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Micheline Ostermeyer
Maureen Gardner, Fanny Blankers-Koen, Micheline Ostermeyer 1950.jpg
Micheline Ostermeyer til høgre, saman men Maureen Gardner og (i midten) Fanny Blankers-Koen, under friidretts-EM 1950
Fødd 23. desember 1922
Rang-du-Fliers
Død

17. oktober 2001
Bois-Guillaume

Yrke pianist, friidrettsutøvar, basketballspiller
Micheline Ostermeyer på Commons

Micheline Ostermeyer (23. desember 192218. oktober 2001) var ein fransk friidrettsutøvar og musikant. Ho tok to gull og eitt sølv i Sommar-OL 1948, og til saman tre medaljar i EM 1946 og EM 1950.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Ostermeyer voks for det meste opp i Tunisia, den gongen kontrollert av Frankrike. Etter andre verdskrigen deltok ho i friidrettsstemne og vann franske meistertitlar i fleire ulike øvingar, mellom anna i løp, kast og hopp. Ho deltok i 1946 i fleire øvingar ved europameisterskapen i Oslo og tok sølv i kulestøyt.

Under Sommar-OL 1948 i London vann Ostermeyer gullmedaljane i kulestøyt og diskosksting, samt ein bronsemedalje i høgdehopp. Ho hamna likevel litt i skuggen av Fanny Blankers-Koen, den nederlandske kvinna som vann heile fire gullmedaljar på friidrettsbana i dei same leikane.

Ved friidretts-EM 1950 i Brussel tok Ostermeyer bronsemedaljar på 80 meter hekk og i kulestøyt, og la deretter opp som idrettsutøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje i kule, nr 5 i høgdehopp
  • OL 1948 i London: Gull i kulestøyt og diskoskast, bronse i høgdehopp
  • EM 1950 i Brussel: Bronsemedaljar i 80 meter hekk og kulestøyt, nr 4 i diskoskast

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ostermeyer konsentrerte seg sidan om musikklivet, og spelte pianokonsertar til opp i høg alder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]