Michelle Perry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michelle Perry


Statsborgarskap USA
Fødd 1. mai 1979 (44 år)
Granada Hills
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Michelle Perry (fødd 1. mai 1979) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles i California som tevla i hekkeløp og mangekamp. Ho vart verdsmeister på 100 meter hekk i 2005 og forsvarte VM-tittelen i 2007. Hennar personlege rekordar er 12,43 sekundar på 100 m hekk og 6 126 poeng i sjukamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Perry deltok under Sommar-OL 2004 i sjukamp og vart nummer 14. Året etter vart ho USA-amerikansk mester på 100 m hekk, og deretter vann ho gullmedaljen i øvinga på tida 12,66 då VM i friidrett 2005 fann stad i Helsinki. Både i 2005 og 2006 sprang ho korthekken på 12,43 sekundar.

Under VM i friidrett 2007 i Osaka vann Perry eit jamnt løp med tida 12,46, like framom Perdita Felicien frå Canada og Delloreen Ennis-London frå Jamaica, med høvesvis 12,49 og 12,50. Perry kom over i løpebana til svenske Susanna Kallur, men den svenske protesten kom for seint inn til at den vart handsama.

Perry deltok ikkje i Sommar-OL 2008. Ved friidretts-VM 2009 i Berlin var ho plaga med skadar og rauk ut i forsøksløpet på korthekken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]