Mick Channon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mick Channon
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. november 1948 (73 år)
Wiltshire
Idrett fotball

Michael Roger Channon, kjend som Mick Channon, (fødd 28. november 1948) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå ein landsby i Wiltshire. Han er særleg kjend for sine mange sesongar i Southampton FC si teneste. Channon var midtstpiss.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Channon debuterte for andredivisjonslaget Southampton i 1966. Sidan var han nokre år fyrstedivisjons-spelar, men var tilbake på nivå 2 då laget sensasjonelt vann finalen i FA-cupen 1976 med 1-0 mot Manchester United. Sommaren 1977 vart han, mot 300 000 pund, overført til Manchester City. Etter eit lite vellukka opphald i Manchester, vende han to sesongar seinare tilbake til Southampton FC. Med 185 skåringar for Southampton FC, stod Channon som den fremste målskåraren i klubben då han forlet Southampton for godt i 1982. Frå 1982 til -85 spelte han for Norwich City, der han 24. mars 1985 var med om å vinne ligacupfinalen mot Sunderland AFC. Få veker seinare rykte Norwich ned i andredivisjon. Channon avslutta med å spele 1985/86-sesongen for Portsmouth FC i andredivisjon.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Channon aksla den engelske landslagstrøya fyrste gongen 11. oktober 1972, og siste gongen 7. september 1977. Han deltok i 46 kampar og skåra 21 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1976 for Southampton FC
  • Vinnar av ligacupen: 1985 for Norwich City

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Seinare i livet har Channon hatt stor suksess som oppdrettar av trav- og veddeløpshestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]