Mick Jones frå Foreigner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mick Jones
Mickjones2009.jpg
Jones med Foreigner på VMWorld i San Francisco i 2009
Verkeleg namn Michael Leslie Jones
Fødd 27. desember 1944 (73 år)
Portsmouth
Instrument

Gitar, keyboard, vokal

Sjanger Rock, hardrock
Aktive år 1961 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Plateselskap Warner, Atlantic
Nettstad http://www.foreigneronline.com/
Kjende instrument
Gibson Les Paul

Michael Leslie «Mick» Jones (fødd 27. desember 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend som medlem av bandet Foreigner. Før Foreigner spelte han i bandet Spooky Tooth.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Jones vart fødd i Somerton i Somerset. Han byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra som medlem av bandet Nero and the Gladiators, som fekk to mindre hittar i Storbritannia i 1961. Joes arbeidde som låtskrivar og studiomusikar i Frankrike for artistar som Sylvie Vartan og Johnny Hallyday («Den franske Elvis»), som han skreiv mange songar for, mellom andre «Je suis né dans la rue» og «À tout casser» (med Jimmy Page på gitar). Då The Beatles turnerte Frankrike i 1964, vart dei ven med Jones då Hallyday spelte same kveld som dei.

Då Jones vendte heim att, slo han seg saman med Gary Wright, tidlegare i bandet Spooky Tooth, og danna Wonderwheel i 1971. I 1972 starta Jones og Wright opp att Spooky Tooth, og etter dette vart Jones medlem i Leslie West Band. Han spelte òg gitar på albuma Wind of Change (1972) for Peter Frampton og Dark Horse (1974) for George Harrison.

I 1976 danna han bandet Foreigner med Ian McDonald og henta inn vokalisten Lou Gramm. Jones samproduserte alle albuma til gruppa og var med på å skrive dei fleste songane i lag med Gramm. Jones skreiv den mest suksessrike singelen til bandet, «I Want to Know What Love Is».[1][2] Spaningar utvikla seg i bandet i løpet av 1980-åra på grunn av forskjellig musikalsk smak mellom Gramm, som ønskte ein hardare stil, medan Jones var meir interessert i synthesiserar. Gramm slutta i bandet i 1990, men kom attende i 1992. I 1989 gav Jones ut det einaste soloalbumet sitt, Mick JonesAtlantic Records. Jones er den einaste musikaren som har spelt på alle Foreigner-albuma.

Innimellom arbeidet med Foreigner, har Jones òg vore produsent for album som Van Halen sitt 5150 (1986) og Billy Joel sitt Storm Front (1989).

Han skreiv i lag med Eric Clapton songen «Bad Love» på Clapton' sitt Journeyman,[3] og i 2002 skreiv han songen «On Her Mind» med Duncan Sheik.[4] Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra spelte han med Bill Wyman's Rhythm Kings.

Som produsent[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Foreigner-albuma produserte Jones albuma:

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]