Mickie Most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Mickie Most
Verkeleg namn Michael Peter Hayes
Fødd 20. juni 1938(1938-06-20)
Aldershot i Hampshire i England
Død

30. mai 2003 (64 år)
London i England

Sjanger Pop, rock
Aktive år 1958–2003
Yrke Plateprodusent, arrangør og songer
Plateselskap Decca, RAK

Mickie Most (fødd 20. juni 1938 som Michael Peter Hayes, daud 30. mai 2003) var ein engelsk plateprodusent[1] med ei rekkje hitsinglar for artistar som The Animals, Herman's Hermits, The Nashville Teens, Donovan, Lulu, Suzi Quatro, Hot Chocolate, Arrows, Racey, og The Jeff Beck Group, ofte gjeven ut på hans eige RAK Records.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Most flytta med familien sin til Nord-London og som tenåring vart han ein del av det blømande rock and roll-miljøet i Storbritannia. Han vart vener med Terry Dene og Wee Willie Harris og skipa eit band, The Most Brothers, i lag med Alex Murray (som seinare produserte The Moody Blues). Men bandet gjekk dårleg og i 1959 gifta han seg med ei kvinne frå Sør-Afrika og flytta dit. Medan han var i Sør-Afrika fekk Most suksess med ei rockegruppe som spelte amerikanske hitsongar. Sjølv om dette aldri ville gjort Most til ei internasjonal stjerne, gav det han erfaring med innspelingsprosessane, og han fekk 11 førsteplassar i Sør-Afrika på rad.[3]

Most kom attende i midten av R&B-revolusjonen i Storbritannia i 1962, og såg seg om etter ei gruppe han kunne produsere. Han oppdaga The Animals på ein klubb i Newcastle. Han fekk dei til å spele inn «Baby, Let Me Take You Home» og «House of the Rising Sun», som seinare vart ein stor hit verda over og gjorde gruppa til superstjerner. Han produserte «I'm Into Something Good» for Herman's Hermits og «Tobacco Road» for The Nashville Teens og i 1966 produserte Most Donovan sitt kritikarroste album Sunshine Superman. Etter å ha produsert Jeff Beck seint i 1960-åra, skipa Most sitt eige selskap, RAK, i 1969. Sjølv om han aldri hadde kritikarroste artistar i stallen, fekk RAK ei rekkje hittar. Låtskrivarar for RAK, Nicky Chinn og Mike Chapman, gav artistar som Suzi Quatro og Mud suksess for ein kort periode. I 1970-åra arbeidde Most hovudsakleg med den engelske funkgruppa Hot Chocolate, men dei fekk berre to hittar inn på Topp 10. I 1980-åra heldt Most ein mykje lågare profil og han selde RAK og konsentrerte seg om å styre songkataologen han hadde samla gjennom dei mange produksjonane han hadde gjort gjennom åra.

Den 30. juni 2003 døydde Most av kreft i heimen sin, 64 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]