Mickle Fell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mickle Fell
Marilyn, hewitt, nuttall
none  Vestsida av Mickle Fell
Vestsida av Mickle Fell
Land Flag of England.svg England
Topp Penninane
 - høgd 788 moh
 - Primærfaktor ca, 210 m
Wikimedia Commons: Mickle Fell

Mickle Fell (norrønt Mikill, 'stort' og fell, 'fjell') er eit fjell i Penninane, ei rekkje fjell og åsar sentralt i Nord-England. Det har ei høgd på 788 meter over havet, om lag 15 km sør for Cross Fell.

Fjellet er det høgaste punktet i både County Durham og det historiske grevskapet Yorkshire.

Det utgjer ei lett kjennbar landskapsform som ein kan sjå frå fleire toppar i Lake District, mellom dei Blencathra, Helvellyn-kjeda og High Street.

Sør for Mickle Fell synk landet ned mot Stainmore Gap før det stig att mot Yorkshire Dales.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mickle Fell