Midžor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midzhur/Midžor
fjell
none  Midžur i tåke. Grensesteinen sett frå serbisk side, og ein kan sjå at sjølve toppen ligg i Bulgaria.
Midžur i tåke. Grensesteinen sett frå serbisk side, og ein kan sjå at sjølve toppen ligg i Bulgaria.
Land Flag of Serbia.svg Serbia, Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Fjellkjede Balkanfjella
Høgd 2 169 moh
Koordinatar 43°22′48″N 22°40′12″EKoordinatar: 43°22′48″N 22°40′12″E
Wikimedia Commons: Midžor

Midzhur (bulgarsk Миджур) eller Midžor (serbisk Миџор) er eit fjell i Balkanfjella på grensa mellom Serbia og Bulgaria. Med ei høgd på 2169 meter over havet er toppen den høgaste i dei vestlege Balkanfjella, og i Serbia (om ein ser bort frå Kosovo). Midzhur er det tolvte høgaste fjellet i Stara Planina. Sjølve toppen ligg i Bulgaria, berre få meter unna grensa mellom dei to landa.

Sidan tidleg i 1990-åra har Midzhur vore tilgjengeleg for turistar frå begge sider, men tidlegare var toppen eit forbode grenseområde. På den bulgarske sida kan ein nå toppen frå landsbyen Gorni Lom. Chuprene biosfærereservat, som er verna av UNESCO, ligg vest for toppen. Fjellet er ein av få stader i Bulgaria der tiur framleis hekkar.

Kjelda til Lom ligg ved foten av fjellet. Fleire små vasskraftverk er i drift langs elva nær Midzhur. Ein må ha spesialløyve frå grensepolitiet i Sofia for å gå til toppen av fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Midžor
Spire Denne geografiartikkelen som har med Bulgaria og Serbia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.