Middagsdemon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Middagsdemon er ei personleggjering av acedia, ein tilstand av trøyttleik eller letargi der ein ikkje bryr seg om si eiga stilling eller tilstand i verda.

Demonen skal vera aktiv ved middagstider og hindra måla sine - vanlegvis munkar - frå å konsentrera seg om pliktene sine.

Omgrepet har bibelsk opphav. Salmane 91:6 i Den hebraiske Bibelen seier mi-ketev yashud tsohorayim, 'frå øydelegging som øydelegg middagen.' Denne frasen blei omsett til aleksandrinsk gresk i Septuaginta som apo pragmatos diaporeuomenou en skotei apo symptwmatos kai daimoniou mesembrinou ('[du treng ikkje frykta] pesten som går gjennom mørkret, eller øydelegginga som legg øyde ved middag.'). I Vulgata, Hieronymus si latinske omsetjing av Septuaginta into, opptrer ei personleggjering i daemonium meridianum (Non timebis . . . ab incursu et daemonio meridiano). Denne demoniske personleggjeringa blei teken med i den katolske Douay-Rheims-omsetjinga av Det gamle testamentet frå. Til skilnad har King James-Bibelen frå 1611 henta omsetjinga si frå den opphavlege hebariske teksten, til the destruction that wasteth at noonday.

I skriftene til den kristne munken og asketen Evagrius Ponticus eller Evagrios av Pontos[1] er middagsdemonen særskild ansvarleg for acedia, som han skildrar som daemon qui etiam meridianus vocatur. Denne demonen går vanlegvis til åtak på kenobittar mellom klokka ti og klokka to om dagen. Han forårsaker kjensler kjenneteikna av utmatting, trøyttleik, tristheit, nedstemtheit, rastløyse, motvilje mot klostercella og asketlivet, og ei lengt etter familie og det tidlegare livet sitt utanfor klostervesenet.

Omgrepet kan også nyttast om ein liknande «melankoli, undring og tomhet som ofte rammer oss midt i livet.»[1]

I 2001 nytta forfattaren Andrew Solomon The Noonday Demon som tittel på ei bok om depresjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Per Arne Dahl. «Solnedgang over middagsdemonen» (PDF). Modum Menighetsblad Nr. 1/2008. s. 21. 
  2. «The Noonday Demon», Andrew Solomon, henta 29. mai 2019 

  • Solomon, Andrew The Noonday Demon.
  • Grayston, Donald Thomas Merton and the Noonday Demon: The Camaldoli Correspondence.
  • Kuhn, Reinhard Clifford The Demon of Noontide: Ennui in Western Literature.