Middelhavsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Middelhavslanda rundt og i Middelhavet. (Kjelde: NASA)

Middelhavslanda er ei nemning brukt om landa som ligg rundt eller i Middelhavet og har liknande klima, geografi og historie. Sjølv om landa i dag ligg i tre verdsdelar, var dei lenge ei slags eining, bunde saman av havet mellom seg og avgrensa av ørken i sør og aust og av fjellkjeder i nord.

Dagens middelhavsland er:

Klima og geografi[endre | endre wikiteksten]

Steineik på ein åker i Spania.

Landområda rundt Middelhavet er prega av tørre, varme og lange somrar og våte, milde vintrar. Denne klimatypen finn ein fleire stader i verda, og han er blitt kalla middelhavsklima.

Klimaet egner seg for å dyrka druer, oliven, fiken, sitron, appelsin, mandel og kork. Andre artar ein finn mykje av er pinje (Pinus pinaster), steineik (Quercus ilex), kermeseik (Quercus coccifera) og aleppofuru (Pinus halepensis), med sypressar og palmetre somme stader. Plantelivet finst gjerne i kortvaksen krattskog.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinportal på Náxos. (Foto: Heiko Gorski)

Landa rundt Middelhavet har vore heimen til fleire tidlege sivilisasjonar, som det gamle Egypt, fønikarane, dei gamle grekarane og Romarriket. Havet batt dei saman til krig og handel. Den første viktige handelsruta var mellom Egypt og minoarsivilisasjonenKreta.

Ulike sivilisasjonar dominerte og spreidde seg i området: Greske bystatar nord for havet og fønikarar i aust og sør frå 1000-talet f.Kr., romarar frå rundt 500 f.Kr., arabarar frå 700-talet og osmanarar frå 1400-talet. Alle desse har prega store delar av middelhavslanda, og bidratt til at dei har fått ei felles kulturarv.

Heile denne tida hadde Middelhavet vore ei viktig ferdselsåre for handel mellom Europa, Afrika og Asia. Dette endra seg med oppdagingstida og utviklinga av større skip som kunne segla rundt Afrika i staden for at varene tok omvegen gjennom Middelhavet. Området blei mindre viktig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]