Middendorffbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Middendorffbukta med dei mange øyane.
Middendorffbukta ved Karahavet.

Middendorffbukta (russisk Залив Миддендорфа - Zaliv Middendorfa) er ei bukt på Tajmyrhalvøya i Russland. Ho ligg sørvest for Nordenskiöldøyane i Karahavet og er open mot vest. Bukta grensar til Zarajahalvøya i aust, kalla opp etter skipet til baron Eduard von Toll. På nordsida av bukta er det ei anna mindre bukt kalla Kolomeitsevabukta, kalla opp etter kaptein Nikolaj Kolomeitsev, som var kommandør på «Zaraja».

Middendorffbukta er omgjeve av forblåst tundra. Ho er full av småøyar og øygrupper, mellom anna Gavrilova, Sjrenøyane, Krusenternøyane og lenger ute i bukta Belukha og Prodolgovatij-øyane.

Klimaet i området er hardt med lange og bitre vintrar og mange stormar. Bukta er islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er ikkje bukta fri for isflak.

Middendorffbukta og dei omliggande øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og heile området er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bukta vart utforska av den russiske geologen baron Eduard von Toll på den siste reisa hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903. Ho er kalla opp etter Alexander Theodor von Middendorff, ein russisk zoolog, historikar og utforskar med baltisk-tysk opphav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Topografisk kart
  • Alexander von Middendorff og ekspedisjonen hans til Sibir (1842–1845): [1]

Koordinatar: 75°50′N 92°30′E