Middle Mouse

Koordinatar: 53°26′6.1″N 4°26′13.8″W / 53.435028°N 4.437167°W / 53.435028; -4.437167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

53°26′6.1″N 4°26′13.8″W / 53.435028°N 4.437167°W / 53.435028; -4.437167

Middle Mouse
øy
Land  Wales
Fylke Anglesey
Areal 0,0178 km²
Folketal 0
Kart
Middle Mouse
53°26′06″N 4°26′14″W / 53.435027777778°N 4.4371666666667°W / 53.435027777778; -4.4371666666667
Wikimedia Commons: Middle Mouse

Middle Mouse (walisisk Ynys Badrig, 'Patrickøya') er ei folketom øy om lag 1 km utanfor nordkysten av Anglesey i Wales. Ho er det nordlegaste punktet i Wales og er 207 meter lang og 110 meter brei, med eit areal på 5550 m². Det høgaste punktet på øya ligg 16 meter over havet. Ho er ei av tre øyar utanfor nordkysten av Anglesey. Dei to andre er West Mouse og East Mouse.

Middle Mouse sett frå Anglesey

I følgje segna skal heilage Patrick ha forlist her, og dette er opphavet til det walisiske namnet. Han sumde i land her og grunnla etter kvart den nærliggande kyrkja Llanbadrig kring 440 e.Kr., som ein trur er den eldste kristne staden i Wales.[1]

Det finst ein del skarv, teist og alke på øya. Området kring øya er ein populær dykkestad med eit rikt marint liv. Det er derimot lite som vernar mot dei kraftige tidvasstraumane, så ein lyt kjenne til når det er stille vatn.[2]

S.S. «Liverpool» forliste nær Middle Mouse i 1863 etter å ha kollidert med skipet «Laplata».[3] Ho førte ei last med tinnbarrar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Llanbadrig Church, Anglesey». 
  2. Holden, Chris (2008). Underwater Guide to North Wales Vol. 2. Calgo Publications. s. 96–97. ISBN 978-0-9545066-1-2. 
  3. «UK Diving - Wrecks». 
  4. «National Museum Wales». Arkivert frå originalen 5. mars 2010. Henta 26. mars 2010.