Midgard
- For J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, sjå Middle-earth.


Midgard (norrønt Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam.[1] Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her opptrer ordet Midjungards, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet.[2] På gamalengelsk er omgrepet Middangeard («kosmos»),[2] som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Sjølv om omgrepet ikkje er å finne i skandinaviske kjelder før i det 11. hundreåret så er det utvilsamt eit gamalt germansk omgrep.
I Edda-litteraturen
[endre | endre wikiteksten]Midgard er nemnd tidleg i dei gamle Eddadikta. Voluspå beskriv det såleis: ... men gras var ikkje / før Burs søner baud / bøar seg lyfte, / dei som Midgard / mætan skapte.[3][4] (Burs søner tyder gudane Odin, Ve og Vilje). Skapinga av Midgard er også omtalt i diktet Grimnesmål, vers 40-41.[5]
Om staden
[endre | endre wikiteksten]Midgard ligg midt i verda. Her bur både æser, menneske, vanar og alvar. Ein mur til vern mot Utgard (også kalla Jotunheimen) er skapt av augebryna til urguden Yme. Åsgard ligg midt i Midgard, og i Åsgard ligg Valhall.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Midgard» i Store norske leksikon, snl.no.
- 1 2 Rudolf Simek (1984). Dictionary of Northern Mythology. Stuttgart: Alfred Kröner Verlag. s. 214. ISBN 978-0-85991-513-7.
- ↑ Ivar Mortensson-Egnund. «Voluspå».
- ↑ Edda-kvede. Oslo: Samlaget. 1974. s. 9. ISBN 8252103855.
- ↑ Ivar Mortensson-Egnund. «Grimnesmål».
- ↑ Lind, Idar (2005). Norrøn mytologi. Oslo: Samlaget. s. 138. ISBN 8252165648.