Midgardsormen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midgardsormen blir fiska av Tor. Illustrasjon frå eit islandsk manuskript frå 1600-talet.

Midgardsormen (norrønt Miðgarðsormr) er i norrøn mytologi ein stor orm som ligg rundt menneska si verd, Midgard.

Opphav og mytologi[endre | endre wikiteksten]

Ormen er son av Loke og gygra Angerboda. I Torsdråpa vert Faðir lögseims, (omsett frå norrønt språk far til sjøtråden), nytta som kenning eller kjenning for Loke. Midgardsormen er bror til Fenrisulven og Hel. Han er halvbror til ulvane Vale og Narve, i tillegg til hesten Sleipner.

Æsene eller gudane såg for seg at Midgardsormen kunne verta farleg om han fekk veksa for mykje. Difor kasta dei han ned i verdshavet som omkransa Utgard. Midgardsormen voks så stor at han kunne omkransa heile verden og bita seg sjølv i halen. Så lenge Midgardsormen ligg i ro, held han verda saman. Snorre Sturlason var den einaste som kalla ormen Midgardsormen, det eigentlege namnet er Jormungand.[treng kjelde]

Tor og Midgardsormen[endre | endre wikiteksten]

Guden Tor var ved eit høve ute på fisketur, og heldt på å fiske opp sjølvaste Midgardsormen. Ved eit anna høve prøvde Tor å løfta ormen som hadde form av ein huskatt hjå Utgards-Loke. Guden greidde såvidt å få katten til å løfta ein pote, noko som var både skremmande og imponerande for dei som visste kva katten eigentleg var.

I kampane ved Ragnarok vil ormen koma opp på land, og ta del i kampane. Tor vil drepa Midgardsormen, men Tor vil sjølv verta drepen av gift frå ormen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Eit anna namn på Midgardsormen er Jǫrmungandr, som han skal ha vore namnet opphavleg. Namnet Jǫrmungandr, den veldige staven, kan verta stava på ymse vis:

  • Jormagund
  • Jormugand
  • Jormangund
  • Jormungandr
  • Jörmungandr

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Midgardsormen