Midlandsmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Midlandsmåla omfattar målføra i dei vestvendte østnorske fjellbygdene i Sør-Noreg, det vil seie Vest-Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Nokre vestlege drag i midlandsmåla er dei personlege pronomena i eintal og fleirtal (til dømes eg og me), hankjønn eintal av det ubundne pronomenet nokon og nektingsadverbet ikkje. Samla sett ligg midlandsmåla nærast opp mot talemålet på Austlandet, men dei har langt fleire eldre språktrekk enn austlandsk. Austlandsk skil til dømes ikkje mellom sterk og svak bøying av substantiva, så her vil både sterke og svake hokjønnsord ha a-ending (jenta, dama, bygda, sola). Midlandsmåla vil derimot ha både sterk og svak bøying av substantiva (jenta, dama, bygdi, soli), noko som dei har arva frå norrønt.

Særdrag frå denne dialektgruppa var grunnlaget for den skriftnorm av landsmålet som vert kalla midlandsmålet eller midlandsnormalen, og som vart utarbeidd av Rasmus Flo med tilslutting av Arne Garborg i samband med arbeidet i Rettskrivningskomiteen av 1898, som dei var medlemmar av saman med Marius Hægstad.

Viktige trekk ved midlandsmålet var å sløyfe t i bestemt eintal av intetkjønnsord (barne), kløyvd infinitiv (fara, kaste), og «den norske treklangen», dvs ein fordeling av a, i og u i substantivbøyninga. Ved landsmålsreformen i 1901 vart «Hægstad-normalen» hovedform, medan midlandsmålet vart tillate i skulen som sideform. Der fekk den lita tydinga; han vart ansa som vanskeleg å følgje, og det mangla lærebøker i han (sjølve midlandsmålet vart utgjeve av Garborg i 1906). I litteraturen vart midlandsmålet brukt av Garborg og einskilde andre, men stod aldri sterkt. Tanken var at midlandsdialektene best representerte variasjonen i norske målføre, og at midlandsnormalen difor best kunne samle dei ulike variantane som var i bruk av landsmålet.