Midsommar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midsommarbål i Mäntsälä i Finland.
Foto: Janne Karaste

Midsommar kan visa til ei tid midt på sommaren, særleg om tida rundt sommarsolkverv (21. juniden nordlege halvkula). Tida er blitt feira som ei høgtid over lang tid ein rekkje stader. Bålbrenning er ein utbreidd skikk for å feira dagen.

I Europa blei den heidenske høgtida kristna og vigd til Johannes døyparen som jonsok eller sankthans. Ettersom Johannes skulle ha vore fødd seks månader før Jesus, blei fødselsdagen hans lagt til den 24. juni. Feiringa kan leggast til kvelden før, eller til ei helg i nærleiken. I Finland har til dømes midsommar vore feira ein laurdag mellom 20. juni og 26. juni sidan 1955.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.