Midtbyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Midtbyen er namnet på den eldste og mest sentrale delen av Trondheim. Den administrative eininga Midtbyen, oppretta i 2005, har i dag om lag 5000 innbyggjarar og utgjer Trondheims kulturelle og administrative sentrum.

Det som i dag går under namnet Midtbyen, er Trondheims opphavlege byområde og tilsvarer for ein stor del det som var Trondheim by fram til utvidinga i 1847. Det finst motstridande definisjonar av kva geografisk område som høyrer inn under Midtbyen, men den vanlegaste avgrensinga tek utgangspunkt i Nidelva (som grense i aust og sør) og Kanalhamna (i nord). I vest er Skansen yttergrensa.

Kaupangen Nidaros vart grunnlagt i den austlege delen av halvøya som i dag blir kalla Midtbyen. Det er såleis her storparten av dei eldste historiske bygga og minnesmerka i Trondheim finst.

Utforminga av Midtbyen er basert på Cicignons byplan frå 1681. Denne legg opp til ei firedeling av bykjernen, delt av Kongens gate og Prinsens gate. Som eit historisk element ligg eit nett av veiter mellom dei breie gatene som Cicignon trekte opp i sin barokke reguleringsplan. Veitene deler opp dei store kvartala og har fungert som eit subsidiært gatenett.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]