Midtgulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Midtgulen mot fjellet Mulen

Midtgulen er ein fjordarm av Gulen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han strekkjer seg 5,5 km søraustover til grenda Myklebust.

Fjorden har innløp mellom Mulehamn i vest og Ternøya i aust. Like innanfor innløpet ligg Kjelkenes, som har ferjesamband til Smørhamn på andre sida av Frøysjøen, som Gulen er ein fjordarm av. Vest for Mylkebust ligg Vindspollen som er ein 2 km lang fjord som går rett sørover.

Fv577 går på vestsida av fjorden, medan Rv614 går på austsida.