Hopp til innhald

Midhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Midthordland)
For rutebåten, sjå MS «Midthordland».
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midthordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss

Midthordland (Midhordland) er eit område som omfattar den midtre delen av kyst- og fjordstrøka i Hordaland fylke.

Området, slik det oftast vert definert i dag, ligg mellom Selbjørnsfjorden, Langenuen og Bjørnafjorden i sør og Fedjeosen, Hjeltefjorden, Herdlafjorden og Sørfjorden ved Osterøy i nord. Det strekkjer seg austover til fjellområda på grensa mot Kvam herad i Hardanger. Midhordland var tidlegare ei administrativ eining i kyrkjeleg og rettsleg samanheng. Midthordland prosti var sett saman av kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Os, Fusa, Samnanger og Øygarden på 1320 km². Prostiet vart lagt ned i 2014, og kommunane (sokna) vart førte over til andre prosti. Midhordland utgjorde også eit tingrettsdistrikt svarande til prostiet, med unntak av Øygarden. Kommunane i Midthordland er no lagde under Bergen tingrett.

Av kommunane i Midthordland ligg Bjørnafjorden, Samnanger og Bergen på fastlandet, medan dei andre ligg berre på øyar. Tettast busetnad utanom Bergen er det i kommunane Askøy, Øygarden (gamle Fjell) og Bjørnafjorden (gamle Os) som alle har mykje pendling til Bergen. Austevoll er knytt til Krokeide i Fana ved bilferje. Elles har alle dei store øyane har ferjefritt vegsamband med Bergen. Dette har ført med seg ein sterk folkeauke.

Det var sorenskriveri-inndelinga frå 1847 som var opphavet til omgrepet "Midthordland". Før det var distriktet delt mellom Sunnhordland og Nordhordland. Grensa mellom dei tidlegare futedøma gjekk i Korsfjorden og Lysefjorden, og vidare over land mellom Os og Samnanger sørom grensa og Fana og Haus nordom.

Kommunar i Midthordland

[endre | endre wikiteksten]
NrVåpenNamnFolketalFlatemålMålform
4601Bergens kommunevåpenBergen kommune465Nøytral
4623Samnangers kommunevåpenSamnanger kommune269Nynorsk
4624Bjørnafjordens kommunevåpenBjørnafjorden kommune517Nynorsk
4625Austevolls kommunevåpenAustevoll kommune117Nynorsk
4626Øygardens kommunevåpenØygarden kommune315Nynorsk
4627Askøys kommunevåpenAskøy kommune100Nøytral