Midttakleelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midttakleelva
elv
Gulen.2 186.jpg
Vassbruksmiljø Takle ved Midttakleelva
Foto: Bjarne Thune
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 7,35 km²
Lengd 4,7 km
Middelvassføring 0,87 /s
Kjelde Taklevatnet
 - høgd 291,5 moh.
Munning Sognefjorden ved Takle
 - høgd moh.

Midttakleelva
61°2′ N 5°23′ E

Midttakleelva (òg kalla Takleelva) er ei elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho spring ut frå Taklevatnet og fell derfrå ned den bratta dalsida og lauper saman med elva frå Takledalen. Etter samlaupet renn ho nordover til munningen i Sognefjorden ved Takle, 5 km vest-nordvest for Brekke. Elva er 2,2 km lang (4,7 km rekna frå kjeldene sør for Taklevatnet), og har eit nedbørfelt7,35 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 0,87 m³/s.[1]

Midttakleelva er utbygd til kraftproduksjon i Takle kraftverk, som utnyttar fallet frå Taklevatnet ned til kote 72. I samband med Samla plan for vassdrag vart det vurdert ei større utbygging av vassdraget, som ville medført overføring av vatn frå Storelva, auke av reguleringshøgda i Taklevatnet til 15 meter, og bygging av ein ny kraftstasjon nede ved Sognefjorden.[2] Men dette prosjektet vart oppgjeve og den nye kraftstasjonen vart bygd på same stad som før og utan nye reguleringar.

Ved elva nede ved Takle ligg Vassbruksmiljø Takle, med ei restaurert stampemølle som nyttar elva som drivkraft til framstilling av filt og vadmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Vassdragsrapport, Takle, Midt-Takleelva og Brekkeelva, Samla plan for vassdrag, Miljøverndepartementet 1990, ISBN 82-7243-790-2

Koordinatar: 61°01′48″N 05°22′48″E