Midttunelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midttunelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 15,5 km²
Lengd 6,1 km
Middelvassføring 1,61 /s
Munning Midttunvågen
Kart
Midttunelva
60°59′15″N 5°05′21″E / 60.9875°N 5.08916667°E / 60.9875; 5.08916667

Midttunelva (også skrive Midtunelva) er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho begynner som fleire strie fjellbekkar som lauper saman ved Midttundalsstølen inst i Midttundalen. Derfrå renn elva i sørleg og seinare vestleg retning til ho munnar ut i Midttunvågen ein kilometer nordaust for kommunesenteret Eivindvik. Elva er 6,1 km lang, og har eit nedslagsfelt15,5 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,61 m³/s.[1]

Ein stor del av nedbørsfeltet består av lågtliggjande skogsområde. Aust for Midttunvatnet ligg eit større myrområde. Nedanfor Midttunvatnet går elva gjennom eit trongt juv, før dalen vidar seg ut i den nedste delen av vassdraget, der det er busetjing og jordbruksområde. Det er ingen større innsjøar i Midttunelva sitt nedbørsfelt. I ein sidebekk nord for Midttunvågen ligg Svartevatnet, som er drikkevasskjelde for Eivindvik.

Vassdraget er påverka av sur nedbør og har eit høgt innhald av aluminium. Det har vore kalka ved Midttunvatnet kvart år sidan 1992. Elva er generelt næringsfattig og har eit lågt innehald av organiske stoff. Dei nedste delane er likevel påverka av kloakk og landbruk, og særleg på hausten er både næringsinnhaldet, tarmbakterieinnhaldet og innhaldet av organiske stoff høgt. Innhaldet av metall er likevel lågt.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]