Midtun stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtun stasjon
Stasjonsområde
Stad Midtun
Distanse 481 km. frå Oslo
Opna 1936 (attopna i 1994 på Gamle Vossabanen)
Nedlagd 1964 (framleis i drift på Gamle Vossabanen)
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossabanen (1936–1964, del av Bergensbanen frå 1909)
Bergensbanen (1909–1964)
Gamle Vossabanen (1994–idag)
Operatør(ar) NSB (1936–1964)
NJK (1994–idag)
Overgang

Midtun stasjon, frå 1936 til 1994 Midtun haldeplass, er endestasjon på Gamle Vossabanen og ein tidlegare haldeplass på Vossabanen og Bergensbanen.[1][2] Han ligg på Midtun i Bergen, og vart opna i 1936 som Midtun haldeplass på Vossabanen, seinare Bergensbanen.[1][2]Ulrikstunnelen vart teken i bruk i 1964 vart haldeplassen nedlagd.[2] I 1994 vart haldeplassen teken i bruk att, som endestasjon på Gamle Vossabanen, no under namnet Midtun stasjon.[1][2] Stasjonen har òg eitt sidespor.

24. mai 1960 køyrde eit tog frå Voss inn i ein gravemaskingrabb som hang framfor skeinegangen etter ei kran.[3] Toget heldt ein snøggleik på om lag 60 til 70 kilometer i timen, og klarte ikkje å stoppe.[3][4][5] Då toget ankom haldeplassen traff det grabben, og heile gravemaskinen falt ut i sporet foran toget.[3] Både lokomotivet og godsvogna bak spora av og velta.[3] Ingen av dei om lag 100 passasjerane kom til skade, men lokomotivføraren Anders Ødegård døydde på veg til Haukeland sjukehus.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Midttun stasjon». Norsk Jernbaneklubb. Henta 2. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Strekningen». Norsk Jernbaneklubb. Henta 2. august 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Togulykken på Midttun 24. mai 1960». Bergen Sporvei. Henta 2. august 2015. 
  4. «NSB El 11.2091». Jernbanen.dk. Henta 2. august 2015. 
  5. «Hold fingrene unna Gamle Vossebanen!!». Samfunnsmagasinet. Henta 2. august 2015.