Midtvinterdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Midtvinterdagen, òg kalla juleblot, midtvinterblot, jól, torreblot og hökunótt, er på primstaven avmerkt den 12. januar, fordi denne datoen fell midt mellom vinternatt 14. oktober og sommarmålsdagen 14. april. Merket for dagen ei ei skore tvers over flatsida på primstaven.

Grunnen til at dagen er avmerkt, er at han var ein viktig høgdag for dei heidenske vikingane, som blota (ofra) på denne dagen. Dei drakk òg øl og festa i om lag tre dagar.

Det er ikkje kjend nøyaktig kvifor ein blota på midtvinterdagen, men det kan ha vore som motvekt til den mørke vinteren, for å sørga for å få i seg nok mat og næring i mørketida, eit ritual for god grøde, eller noko anna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]